HjemNyheterAustrheim stenger kommunale bygg for utleige

Austrheim stenger kommunale bygg for utleige

Bakgrunnen for stenginga er vurderingar som den kommunale kriseleiinga har gjort i dag 11. mars, for å redusera smittefaren av Korona-viruset. Skulane og barnehagane vil framleis vera opne som vanleg, og då er det viktig at borna ikkje vert utsette for unødvendig smittepress.
Stenginga av Seniorsenteret, og skular og barnehagar på kveldstid, gjer det også mogleg å prioritera reinhaldsressursane der dei trengst mest i desse tider med Korona-smitte.

Kommunen bestemmer i første omgang over sine eigne bygg og sine eigne arrangement. På grunn av Korona-viruset har Austrheim kommune utsett/avlyst eit dataparty i regi av ungdomsklubben (skulle gått 20.-21. mars), ein temakveld som var planlagt 23. mars, samt at ulike arrangement i regi av skulane er utsette/avlyste. For andre arrangørar/huseigarar kjem ikkje kommunen med noko forbod per no, men dei må halda seg til dei reglane som er sette opp i skrivet «Krav til arrangørar i samband med Korona», datert 11. mars. Desse krava kan også verta endra, samt at nye nasjonale føringar kan skjerpa inn dette.

Kommunen har fått spørsmål om kvifor ein stenger for ein del arrangement, samstundes som borna er tett saman i skuletida. Som i andre kommunar jobbar Austrheim med å redusera smittepresset, parallelt med at ein opprettheld dei lovpålagde tilboda. Det vil også få mykje større samfunns-messige konsekvensar om skular og barnehagar stenger, enn om kommunen som no stenger bygga for fritidsaktivitetar. Om born skal vera heime i skuletida, vil det bety at vaksne må vera heime for å sjå til dei.

Det kan bli aktuelt å utvida stenginga seinare, til også å omfatta bruken av andre kommunale bygg, som idrettshallen.


Sist oppdatert: 11.03.2020
Publisert: 11.03.2020