HjemFaktura og rekningar

Faktura og rekningar

Betale faktura frå Austrheim kommune?

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle faktura frå Austrheim kommune (ikkje skattekrav) skal betalast til bankkonto 1503.96.25390, som også er oppgitt på faktura. Ikkje gløym å oppgi aktuell KID-referanse for å sikre rask og korrekt behandling av innbetalinga di. Dersom KID-referanse manglar, kan du skrive kundenummeret ditt som er oppgitt på faktura.

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-KODE:  NO4315039625390
  • SWIFT/BIC-adresse:   DNBANOKKXXX
Kvar finn du fakturaen din?

Privatpersonar: Austrheim kommune nyttar følgjande kanalar for utsending av faktura, i prioritert rekkefølgje:

  1. Avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps
  4. Digital postkasse
  5. E-post
  6. Papirfaktura

Ønskjer du å endra kvar du mottek faktura? Då kan du sjekke innstillingane i nettbanken din, sjå under:

eFaktura

  • Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
  • Ver merksam på “Ja-takk til alle”
  • “Ja-takk til alle” kan vera sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
  • Har du betalt rekningar for andre, kan du ha oppretta betalingsavtale for andre.
  • Trykk her for å lesa meir om eFaktura (ekstern lenke). 

Vipps

Sjekk innstillingane i Vipps-appen. Les og meir hjå Vipps.no:

Digital postkasse

Sjekk innstillingar i den digitale postkassen din, her er det to ulike tilbydarar:

For næring/verksemder, faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgja:

  1. EHF
  2. E-post
  3. Papirfaktura

For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vera oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melda verksemda inn i Elma og Aksesspunkt. Trykk her for å lesa meir om Elma og Aksesspunkt (ekstern lenke).

Har du spørsmål om faktura?

Har du spørsmål om innbetaling av faktura?

Ta kontakt med rekneskapsavdelinga vår

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga du har kjøpt tenesta hos.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- og slamgebyr: Ring Austrheim servicekontor på 56162000 og be om å få snakke med VA-avdelinga
  • Spørsmål om feiegebyr: Ring Austrheim servicekontor på 56162000
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med skulen til barnet ditt
  • Spørsmål om praktisk bistand: Ring Austrheim servicekontor på 56162000 
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Austrheim kommune, Servicekontoret,  telefon 56162000

Tilskot og gåver

Andre innbetalingar til kommunen (der det ikkje er sendt faktura) skal du betale til konto 15941180407.

  • IBAN-KODE:  NO7215941180407
  • SWIFT/BIC-adresse:   DNBANOKKXXX

Merk innbetalinga, til dømes med "tilskot" eller "gåver".

Sende faktura til Austrheim kommune?

Alle faktura til Austrheim kommune må sendast elektronisk i EHF-format. Alle einingar under Austrheim kommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer, 948 350 823.

Det er svært viktig at du stilar fakturaen til Austrheim kommune. Plasser eininga/avdelinga/seksjonen der vara eller tenesta er levert i feltet for leveringsadresse på fakturaen.

  • Elektronisk fakturaadresse: 9908:948350823
  • Aksesspunkt: Visma

Nettbasert fakturaportal

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eit eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Eit alternativ er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal. Oversikt over ulike portalar finn du på Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sine sider:

https://www.anskaffelser.no/verktoy/veiledere/fakturasystemer-som-kan-levere-elektronisk-handelsformat-ehf

Merking av faktura

Faktura skal merkast med tilsettnummer, anleggsnummer eller kontraktsnummer i feltet «Deres referanse».

Betalingsvilkår for faktura som skal betalast av Austrheim 

Austrheim kommune har betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke EHF-faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt. Der må dato og tidspunkt for overføringa vere stadfesta.

Meir om EHF:

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Austrheim kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive!

Sjå elles Leverandørar til Austrheim kommune - infobrev

 

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.

Les meir om ordninga på nettsidene til Difi: Om elektronisk faktura

 

Kan ikkje verksemda di levere ein EHF?

Sende faktura på epost til faktura@austrheim.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  meirverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID.
Digitalisering av fakturautsending, frå kommunen

Austrheim kommune jobbar i disse dagar med innføring av ny rutine for distribusjon av fakturaer for å auke graden av digital utsending. Dette for å lette arbeidet både for oss, og for dykk som mottar fakturaer.

Den nye løysinga inneber at alle faktura blir forsøkt sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost) eller som vedlegg i en e-post. Dersom dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.

AvtaleGiro

Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil også betalingsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil da vera å oppretta AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten eller informasjon på kontoutdrag frå banken.

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal, og vi vil anbefale alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kommer kjapt frem, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysningen har vi nå moglegheit til å tilby Vipps Regning. Dette forut setter at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. I tillegg må du være registrert med gyldig mobiltelefonnummer i vårt kunderegister. Ta kontakt med oss og oppgje telefonnummer dersom du ønskjer å ta imot framtidige fakturaer på Vipps.

Faktura i Digipost / eBoks

For å ta imot faktura på Digipost fordrar det at du har oppretta ein digital postkasse hos ein av disse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil disse vera føretrekte før Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønsker du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert din epostadresse i vårt system. Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil disse bli føretrekte framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare. Den nye blanketten har ikkje girodel, så om man ønsker å nytte brevgiro må man fylle ut en tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan de få i banken, eller på servicetorget i kommunen. På Servicekontoret kan du også få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskeleg.

Fakturering av barnevernstenester

Austrheim barnevernsteneste er avvikla frå 1. juni 2020, og er etter dette ein del av Alver barnevernsteneste. Alle faktura etc. som gjeld barnevernstenesta i Austrheim, vil frå same dato gå til Alver.

Alle faktura for desse tenestene skal sendast til:

Alver kommune 
V/Fakturamottak
Postboks 4
5906 Frekhaug
MVA 920 290 922 NO

Korrekt merking av faktura til Alver kommune:

• Faktura må vere stila til korrekt kommune (adressat).
• Faktura må ha ansvarsnummer i feltet «Referansenummer» (fire tal).
• Ansvarsnummer skal opplysast av aktuell bestillar i Alver kommune.
• Faktura må ha namn på bestillar i feltet «Deres referanse».
• Faktura per post i papirformat vil ikkje bli akseptert.
• Alver har 30 dagars betalingsfrist.
• Alle fakturaer som ikkje er korrekt merka vil bli returnert.

Avdelingsnamn: Barnevernstenesta 
Ansvarsnummer: Fyll inn ditt ansvarsnummer
Bestillar: Sissel Mary Frotjold
Merkning i fakturateksten: Pid-nummer

Alver kommune ber alle leverandørar om å sende elektroniske fakturaer i EHF-format. Leverandørar som ikkje kan bruke EHF-format må sende faktura på e-mail til: faktura@alver.kommune.no

Vil du dela opp betalinga av kommunal faktura?

Frå 2023 tilbyr Austrheim kommune fleksible fakturerings- og betalingsterminar for kommunale eigedomsgebyr. Dette er betaling for vatn og kloakk, eventuelt også feiing og slam. Kundane får velja mellom:

  • Halvårleg betaling (som i dag) = 2 betalingsterminar pr år.
  • Årleg betaling = 1 betalingstermin pr år.
  • Kvartalsvis betaling = 4 betalingsterminar pr år.
  • Månadleg betaling = 12 betalingsterminar pr år.

Sjå www.austrheim.kommune.no/deltfaktura


Sist oppdatert: 20.02.2024
Publisert: 26.11.2018