HeimNyheterKrav til arrangørar i samband med Korona

Krav til arrangørar i samband med Korona

Desse restriksjonane er vedtekne med heimel i Smittevernloven, og gjeld frå onsdag 11. mars 2020. Restriksjonane kan verta endra på kort varsel. Restriksjonane gjeld alle arrangement i kommunen, uansett tal gjester, og omfattar avstand/plass, matservering og hygiene.

Oppfordring om hygiene
For arbeidsplassar, serveringsstader og andre stader der folk samlast, er oppfordringa å vera nøye med at det er godt tilrettelagt for handvask, og eventuelt med spritdispenser. Det vert vidare oppfordra til at det vert gjort tilgjengeleg papir og spritdispenser for å reingjera utstyr brukt av kundar, til dømes på treningssenter.

Folkeansamlingar
I tråd med råd frå nasjonale helsestyresmakter, har Austrheim kommune bestemt at alle arrangement skal vurderast, med tanke på å redusera smittefaren. I desse vurderingane skal ein ta omsyn til kven som er gjester, med tanke på sjukdomsrisiko, varigheit av arrangementet, og konsekvensar av eventuell smitte.

Arrangøren skal opplysa om at kvar det er tilgang på desinfiseringsmateriell i lokala, også på toaletta, og at dette skal brukast. Arrangøren skal ettersjå at dette også er på plass undervegs i arrangementet. Vidare skal det hengast opp plakatar om korleis ein førebygger smitte.

Personar med luftvegssymptom skal ikkje vera i lokalet.

Lokala skal reingjerast grundig før og etter arrangementet, og toalett skal ettersjåast medan arrangementet pågår. Rutinar for hoste og handhygiene skal vera opplyst om, og gjort kjent ved oppslag.

1 meters avstand
Arrangøren skal legga til rette for at alle personar i lokalet kan halda minst 1 meters avstand til andre. Ein tommelfingerregel kan vera å rekna 1 kvadratmeter per person, og ha vakter ved inngangane som held kontroll med talet. Regelen med ein meters avstand er tilrådd også ved plasstildeling. Stolen treng ikkje vera nummerert eller førehandstildelt, men kan tildelast der og då.

Redusera trengsel
Den enkelte gjest har sjølv ansvar for ikkje å stå for tett, men dersom det skulle oppstå ein situasjon med trengsel, til dømes framfor scene eller ved inn- og utslepp til lokalet, må arrangøren informera om smitterisikoen og bryta opp situasjonen.

Tiltak for å redusera trengsel ved inn- og utslepp kan vera å dela gjestene opp i puljar om mogleg, alternativt opna fleire dører eller opna dørene tidlegare. Ein ansvarleg vakt kan til dømes koordinera puljevis utslepp om det er naudsynt.

Om det oppstår trengsel ved toaletta, må arrangør vurdera om det er behov for dørvakt der.

Matservering
Matservering er tilrådd avgrensa så langt det er mogleg. Sal av emballert mat, som til dømes sjokolade og chips, er OK, men det må ikkje delast med andre. Det same gjeld drikke.

Matservering og behandling av mat på plassar med allmenn tilgang skal vera etter Mattilsynets gjeldande reglar. Ein skal avgrensa tilgang på felles serveringsbestikk, maskiner og behaldarar for tilbehøyr. Der dette ikkje er mogleg, skal serveringsbestikk, maskiner og behaldar for tilbehøyr skiftast ofte eller reingjerast grundig ofte. Videre skal ein følgja generelle råd om å legga til rette for god handhygiene og reingjering av utstyr.

Oppdateringar
I den grad nye nasjonale føringar er strengare enn det som står over, så gjeld nasjonale føringar. Råda kan endra seg på kort tid, så arrangørar må jamleg oppdatera seg på dei krav som gjeld.

Smittevernlegen i Austrheim/KKL i Austrheim


Sist oppdatert: 11.03.2020
Publisert: 11.03.2020