Detaljreguleringsplan for Grøn omstilling av Mongstad gbnr 127/91 mfl. PlanID 46312020006 - Offentleg ettersyn

Detaljreguleringa er vist på plankart datert 26.2.2021 og tilhøyrande føresegner datert 26.2.2021 med siste revisjonsdato 16.3.2021. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-11. Planområdet er på om lag 1140 dekar på bakkeplan og på om lag 488 dekar under bakkeplan. Om lag 55 dekar av planområde i nordvest ligg i Austrheim kommune. Planområdet er lokalisert på Mongstad nord i Alver kommune ved grensa til Austrheim kommune. Reguleringsplanen erstattar i sin heilskap gjeldande plan for område med namn Storhamn Mongstad.

Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av energitunnellar og landbasert oppdrettsanlegg inkludert eige osmoseanlegg for produksjon av ferskvatn og biogassanlegg for handtering av fiskeslam og klekkeri/smoltanlegg. Energitunnelane sitt formål er blant anna å utnytta overskotsenergi frå raffineriet til å redusera mengda energi som trengst ved drift av oppdrettsanlegget. 

Merknadar som gjeld planområdet i Austrheim kommune må sendast innan 27. juli 2021 til: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Du finn alle dokumenta til denne saka i innkallinga til møtet i formannskapet 3. juni 2021, klikk her for å lesa:

 

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 10.06.2021
Publisert: 10.06.2021