Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2024-2028 ute til offentleg høyring.
Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2024-2028 er lagt ut til offentleg høyring, etter vedtak i kommunestyret 20. juni. Høyringsfristen er 20. august.
Her er planutkastet for perioden 2024 - 2028: Klikk her
Om du vil samanlikna med dagens plan:
Her er den gjeldande planen 2020 - 2024: Klikk her
Slik var saksframstillinga til kommunestyret:
Saka gjeld
Kommunen er gjennom Alkohollova § 1-7d. pålagt å utarbeida ein alkoholpolitisk plan.
Planen skal opp til vedtak i kommunestyret ved starten av kvar valperiode, seinast ved utgangen av september året etter valet. Planen gjeld for fire år.
Saksopplysningar
- Planen som ligg ved er bygd på den førre planen.
- Som tidlegare er den delen som handlar om sals- og skjenketider likt det som gjeld i resten av regionen. Unntaket er at Alver i sitt planutkast har stengt for ølsal i butikk på julaftan.
- Det er behov for eit meir omfattande planarbeid med ein ruspolitisk handlingsplan. Dette er lagt inn på lista i planstrategien (eiga politisk sak).
Kommunedirektøren si tilråding
Alkoholpolitisk plan for Austrheim kommune 2024-2028 vert lagt ut til offentleg høyring. Høyringsperioden er sett til 6 veker.