Meir om lytteposten RISOR II

Selsøy ligg i øyaneområdet ytterst i Austrheim. Under 2. verdskrig var det her plassert ein lyttestasjon, Risor II, som rapporterte til England om tyskarane sine operasjonar og skip.

Under svært dramatiske omstende måtte Selsøy evakuerast vetlejulaftan 1944. Også hjelparane og deira familiar måtte flykta med KNM Hitra.

I dag vert frigjeringsdagen 8. mai kvart år markert med ei flott tilstelling på Selsøy. Dette er det Neptun Seniorklubb som er ansvarleg for.

Seniorklubben har bygd opp igjen lyttestasjonen og laga til både toalett og amfi der markeringa er. Gode kaiforhold. 

I 2013 vart filmen RISOR II produsert i eit samarbeid mellom Neptun og Austrheim kommune. Filmen er gjeven ut på DVD og kan kjøpast gjennom Neptun Seniorklubb. 

Filmen ligg også tilgjengeleg på Vimeo, klikk her for å sjå filmen.


Sist oppdatert: 16.08.2022
Publisert: 02.05.2022