HjemNyheterHovudvassleidningen fiksa etter brot i Mastrevikane

Hovudvassleidningen fiksa etter brot i Mastrevikane

Oppdatert klokka 15:35:

Vatnet er no tilbake etter brotet på hovudvassleidningen. Som alltid når det er brot på vassleidningen kan det losna ein del skit frå innsida av leidningen når trykket kjem tilbake. 

Tapp kaldt vatn til du ser det er reint, gjerne frå tappekran på vaskerommet. Slik unngår du å få det skitne vatnet inn i varmvasstanken.

---

Her er teksten frå tidlegare i dag: 

Det er brot på hovudvassleidningen ved Austrheim vidaregåande skule, slik at ein del bustader er utan vatn frå klokka 11.20 torsdag 16. mars.

Det er sendt SMS-melding til dei som bur i området. Me har vore litt romslege med kven som får melding, slik at det kan vera at du har vatn sjølv om du har fått melding.

Det vert jobba med å retta feilen. Per klokka 12.10 ser det ut for vassleidningsbrotet først blir ordna utpå kvelden torsdag.

Dei som er vasslause kan henta seg vatn frå bubilstasjonen ved Brannstasjonen ved Mastrevik Torg.


Sist oppdatert: 16.03.2023
Publisert: 16.03.2023