HjemNyheterNye nasjonale Korona-tiltak

Nye nasjonale Korona-tiltak

På ein pressekonferanse tysdag 7. desember presenterte Regjeringa nye endringar i dei nasjonale Korona-tiltaka. Endringane som er varsla no er i grove trekk desse:

- Anbefaling om å redusera tal nærkontaktar, utan at det er sett eit konkret tal på dette.

- Ein meter avstand til andre, men dette gjeld ikkje barn og unge.

- Anbefaling om maks ti gjester i private besøk, i tillegg til dei som bur i bustaden. Kan likevel ha eit selskap med inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshelga.

- Påbod om munnbind når ikkje kan halda ein meters avstand.

- Heimekontor der det er mogleg.

- Oppfordring om å ta vaksinen, anten det er første dose, eller andre eller tredje/fjerde.

- Kommunane må vera budde på gult nivå i skule og barnehage.

- Smittekarantene for alle nærkontaktar der der er mistanke om Omikron-smitte, og reduserte mulegheiter til å testa seg ut av karantene.

- Skjenkestopp klokka 24.00, krav om registrering av gjester.

- Bordservering av alkohol på restaurantar og uteplassar.

Tiltaka er meint å redusera smittespreiinga i samfunnet, ved å redusera sosial kontakt.

Les meir her om nye nasjonale smitteverntiltak som vert innførte frå midnatt, natt til torsdag 9. desember (klikk på lenka for å lesa):


Sist oppdatert: 08.12.2021
Publisert: 07.12.2021