HjemNyheterNye nasjonale Korona-tiltak, og kva det betyr i Austrheim

Nye nasjonale Korona-tiltak, og kva det betyr i Austrheim

Måndag 18. januar kom dei nye nasjonale Korona-tiltaka, som du kan finna på nettsida www.regjeringen.no, lasta det ned her, eller studera på bildet under:


Nasjonale Korona-tiltak som gjeld frå 20.  januar 2021

 

Kommunal kriseleiing (KKL) i Austrheim har i dag 19. januar gjort lokale vurderingar, ut frå den smittesituasjonen ein har her.

Det er testa 1174 personar i alt sidan starten av pandemien. Lokalt er det ingen som har fått påvist smitte på over ein månad (ein registrert med smitte i januar var smitta utanfor kommunen). Med grunnlag i det smittepresset ein har no i Austrheim vert dette endra:

- Biblioteka opnar igjen.

- Idrettshallen opnar igjen, for bruk av skulane og ungdomsklubben, og av Austrheim idrettslag på kveldstid. Idrettshallen er berre open for dei som er under 20 år.

- Ungdomsklubben opnar igjen, følg med på informasjonen deira for detaljar.

- Barnekoret kan starta øvingane, men innanfor dei smitteverntiltaka som gjeld.

- Vaksen-aktivitet på Seniorsenteret må venta.

- For korpsøvingar må dei som driv aktiviteten sjå til at smitteverntiltaka vert etterlevde.

- For politiske møte vil ein frå veke 4 legga opp til fysiske møte, men i større lokale enn elles for å sikra godt smittevern.

- Opnar opp for besøk på Nordliheimen, men etter avtale. Det er grunnlag får å vera restriktive til andre vaksineringsrunde er gjennomført denne veka, samt at vaksinen har fått tid til å fungera.

- Opnar bassenget på Kaland, men så langt berre for symjetrening, ikkje offentleg bading.


Sist oppdatert: 20.01.2021
Publisert: 19.01.2021