Ingen ny smitte – vaksineringa held fram

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs.

Medan Austrheim har unngått smitte, er det oppdaga smittetilfelle i andre kommunar i regionen, mellom anna smittetilfelle mellom elevar i ungdomsskulealder. For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper. Som tidlegare bør ein avlysa eller utsetja arrangement der det er mogleg, og generelt unngå å blanda grupper, særleg over kommunegrensene.

Nasjonale reglar gjeld

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona, som sist vart endra 16. april. Regjeringa har varsla at dette skal vurderast på nytt i mai.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, mellom anna i Bergen, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er.

Kommunen har elles ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane.

Vaksinestatus

Vaksinestatus i Austrheim per 23. april er at 749 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 176 også fått den andre og siste dosen.

Det er planlagt vaksinering i Austrheimhallen på torsdagar vidare, også i mai månad (med unntak av 13. mai som er Kristi Himmelfartsdag, den veka vert det vaksinering tysdag 11. mai). Som tidlegare er det slik at legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine.

Legekontoret tar kontakt

Vaksineringa følgjer den nasjonale prioriteringa, no vert det gitt vaksine til innbyggjarar i aldersgruppa 74 til 65, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

Lagar vaksineplan for vår/sommar

For vaksinering den 29. april får kommunen 84 dosar. Som ein kommune med lite smitte så langt, har Austrheim måtta gje frå seg ein del av vaksinedosane til kommunar med høgare smitte, det gjera at vaksineringa går noko seinare her i vår kommune.

Legekontoret vil no sjå på den planlagde vaksinetildelinga framover våren/sommaren, for å kunna gje ei oversikt over når innbyggjarar i ulike aldersgrupper kan rekna med å få dose 1 og 2.

Når denne planen er klar, vil me dela den på kommunen si heimeside.

Gratis å ta vaksine

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine


Sist oppdatert: 28.04.2021
Publisert: 23.04.2021