HjemNyheterFrå fire til åtte smitta i Austrheim

Frå fire til åtte smitta i Austrheim

I samband med at dei første fire positive prøvesvara kom frå 10. september og framover, vart det gjort eit omfattande arbeid med smittesporing og nye testar. 

Torsdag 17. september gjorde smittetalet eit hopp frå 4 til 8. Ein av desse gjeld ein person der bustadadressa er endra i Folkehelseinstituttet (FHI) sitt meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS). No som adressa er registrert til å vera her i Austrheim, kjem denne personen også opp på tala her.

Kommunen sitt personell har arbeidd med smittesporing for alle registrerte tilfelle av Korona-smitte. Dei åtte med smitte er sette i isolasjon etter dei retningslinjene som gjeld. Ytterlegare 27 personar er i karantene, på grunn av at dei er nærkontaktar med ein person som er smitta.

Elles kan det informerast/presiserast kring nokre punkt:

Karanteregelen går til første nærkontakt, slik at den som har hatt kontakt med ein som no er sett i karantene, ikkje sjølv skal i karantene.

- For dei som er i karantene, vil ikkje ein negativ test forkorta karantenetida. Slike spørsmål får ein elles svar på i samband med smitteoppsporinga. 

- Fram til 1. oktober kan det vera maksimalt 10 personar samla til private arrangement, og 50 på offentlege arrangement. Om du inviterer til selskap på ein offentleg stad er det grensa på inntil 50 som tel, men skal det vera så mange må lokalet vera stort nok til at det er mogleg å etterleva smittevernreglar om avstand. Kommunal kriseleiing (KKL) innførte desse avgrensingane først fram til 23. september. 22. september vart tiltaka forlenga fram til 1. oktober. KKL vil vurdera desse avgrensingane på nytt seinast 1. oktober med tanke på endring/vidareføring. 

- For å betra smittevernet på legekontoret/helsestasjonen er ein i gang med å flytta Helsestasjonen internt på huset. Når flyttinga er gjennomført vil det verta informert om dette.

- Det er sett opp eit telt på parkeringsplassen bak kommunehuset (bilde under), der ein skal ta Korona-testar framover. Heile plassen er elles reservert for dette.

- Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking. Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Kommunal kriseleiing (KKL) har per no møte alle vekedagar for å vurdera situasjonen og moglege tiltak, og også i helg/kveld dersom situasjonen tilseier det.

Korona-telt bak kommunehuset i Austrheim


Sist oppdatert: 22.09.2020
Publisert: 18.09.2020