Folketalet på det jamne
Det er ein vekst sidan nyttår, då var folketalet 2.856, men samstundes ein liten nedgang sidan i sommar.
Austrheim kommune starta året med 2.856 innbyggjarar, dette steig med 23 personar i 1. kvartal, før det gjekk ned med 4 personar i 2. kvartal, og igjen ned med 4 personar i 3. kvartal. Nedgangen heng saman med at det er større innanlandsk utflytting (37 personar), enn innanlandsk innflytting (33 personar). Dette er elles ganske vanleg for Austrheim i 3. kvartal, og kan henga saman med at ein del ungdommar flyttar ut på denne tida av året for å starta på høgare utdanning.
I løpet av dei ni første månadene av året var det 15 menneske som gjekk bort, medan dei vart fødd 9 nye verdsborgarar i kommunen vår. Det gjev eit negativt fødselsoverskot, som det heiter, på -6 innbyggjarar.
Innvandring og utvandring til utlandet er nesten i balanse, med 10 innflytta i løpet av årets ni første månader, og 7 som har flytta ut av landet.
Vil du nørda deg med statistikkane frå Statistisk sentralbyrå (SSB), så finn du dei på denne lenka (ekstern lenke til statistikkbanken hjå SSB)