HeimNyheterEigne tiltak for byggeplassar

Eigne tiltak for byggeplassar

Her kan du finna forskrifta: Forskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar

Forskrifta er fastsett 12. februar 2021 av smittevernlegen i Austrheim, i samråd med Kommunal kriseleiing (KKL), med heimel i lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1. Kommunen ber om at alle verksemder set seg godt inn i kva forskrifta omfattar, og ser til at denne vert etterlevd.

Byggeplassar

Forskrifta nemner særleg byggeplassar, her definert som arbeidsaktivitet der det er meir enn 5 arbeidarar (inkl. lærlingar) til stades samtidig, uavhengig av kva for bedrift eller verksemd dei representerer. For detaljert opplisting sjå sjølve forskrifta: Forskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar

I Austrheim er det særleg verksemder kring Mongstad som vert omfatta av forskrifta, det er ikkje så mange større prosjekt andre stader i kommunen.

Bakgrunnen for innføringa er at ein i Bergen har sett spreiing av Korona-virus på byggeplassar, og med framvekst av meir smittsame virusvariantar er det ekstra viktig å unngå utbrot.

Tolkingar av forskrifta

Forståing av § 5 og § 7 i forskrifta:

§5:

Alle som har arbeidd på ein byggeplass i Bergen kommune, må ha ein negativ test som ikkje er meir enn 24 timer gammal, ved oppstart av arbeid i Austrheim kommune.

(Bergen kommune er per i dag einaste kommune med utbrot av sør-afrikansk virusmutasjon på byggeplassar.)

§7 tredje ledd:

Denne bestemmelsen er retta mot innbyggarar og ikkje byggefirma. Innbyggarar i Austrheim kommune som har arbeidd på byggeplassar i Bergen vert her oppfordra til å testa seg uavhengig av reglane for arbeidsgivar. Dette kan gjelda ein innbyggar som har arbeidd i Bergen, men har neste oppdrag i f.eks. Modalen.

Følg med på oppdateringar

Austrheim kommune innførte tidlegare i veka liknande Korona-tiltak som Alver, og vil truleg bli medrekna i den som er «Ring 2» dersom Regjeringa innfører nye tiltak rundt Bergen kommune. Med Alver på begge sider av kommunen, mange frå begge kommunar som jobbar på same arbeidsplass, og mykje arbeidspendling, er det naturleg at Austrheim har same tiltak som Alver og dei andre omegnskommunane til Bergen.

For andre Korona-tiltak har KKL tidlegare gjort vedtak om kva som gjeld til og med måndag 15. februar (klikk her for å lesa desse).

Følg med på nettsida og Facebook for moglege justeringar her.


Sist oppdatert: 12.02.2021
Publisert: 12.02.2021