HeimOm kommunenSommarvikar i Austrheim kommune

Sommarvikar i Austrheim kommune

Her har me samla informasjon om rettar, plikter og forventningar. Du som er sommarvikar, må gjera deg kjent med dette før 1. arbeidsdag.

Dine rettar

  • Sommarvikarar skal ha ein skriftleg arbeidsavtale, jf. Arbeidsmiljølova.
  • I arbeidsavtalen vil det stå kva for ei eining du er tilsett i, og perioden dette gjeld for.
  • Tildelt arbeidsstad/eining skal vera endeleg, det er berre i spesielle tilfelle at det er mogleg å bytta eining.
  • Endring av tildelt periode kan berre skje ved intern bytting, og i samråd med din kontaktperson.
  • Den ordinære arbeidstida skal ikkje overskrida 37,5 timar i veka. Med ordinær arbeidstid meiner vi den tida sommarvikaren er disponibel for arbeidsgjevar.
  • Arbeidsgjevar/overordna gir beskjed om arbeidstida på din arbeidsplass. Starttidspunkt på arbeidsdagen kan variera i dei ulike einingane.

Dine plikter

  • Du må møta presis når arbeidsdagen begynner.
  • Sommarvikarane skal utføra arbeidet dei blir sette til etter beste evne, og vera lojale i forhold til sine overordna og kommunen.
  • Du skal behandla inventar, utstyr og verktøy med omhu. Dette gjeld også ved bruk av bilar, traktor, tilhengar og liknande.
  • Når du begynner i Austrheim kommune skriv du under på teieplikt.
  • Dei som skal jobba med pleie- og omsorg, helse eller barnehage skal levera politiattest som er maksimum 3 månader gammal. Denne skal signerast før oppstart.

Sikkerheit

  • Sommarvikarar må gjera seg kjende med kva sikkerheitsreglar som gjeld for bruk av Austrheim kommune sitt utstyr.
  • Dersom det er krav om verneutstyr skal arbeidsgjevar/eininga skaffa deg dette.
  • Arbeidsgjevar har plikt til å gi deg så god opplæring at du kan utføra den jobben du er sett til. Intern opplæring vil derfor bli gitt på kvar enkelt arbeidsstad.

Ingen sjukemelding

  • Eigenmelding og sjukemelding gjeld ikkje for sommarvikarar.
  • Sommarvikarar vil derfor ikkje ha krav på å få erstatning for sjukedagar. Gjeld det sjukdom for dagar eller meir, kan erstatningsdagar avtalast mot å levera legeerklæring.
  • Det vert ikkje gitt erstatningsdagar for deltaking på konsertar og liknande.
  • Ordinære køyretimar blir ikkje erstatta (bør leggast utanom arbeidsperiode). Oppkjøringstimar blir erstatta. 

Mobiltelefon og løn

  • Det er forventa avgrensa bruk av mobiltelefon i arbeidstida. Det er ulike retningslinjer på avdelingane, og sommarvikaren må setta seg inn i dette ved oppstart.
  • Løn vert fastsett av gjeldande tariffavtalar.
  • Timar skal førast i Visma Enterprise. Brukarnamn får de ved oppstart av sommarjobben.
  • Løn vert utbetalt den 12. kvar mnd.

Velkommen som sommarvikar!


Sist oppdatert: 19.06.2023
Publisert: 19.06.2023