Sommarvikar i Austrheim kommune
Her har me samla informasjon om rettar, plikter og forventningar. Du som er sommarvikar, må gjera deg kjent med dette før 1. arbeidsdag.
Dine rettar
- Sommarvikarar skal ha ein skriftleg arbeidsavtale, jf. Arbeidsmiljølova.
- I arbeidsavtalen vil det stå kva for ei eining du er tilsett i, og perioden dette gjeld for.
- Tildelt arbeidsstad/eining skal vera endeleg, det er berre i spesielle tilfelle at det er mogleg å bytta eining.
- Endring av tildelt periode kan berre skje ved intern bytting, og i samråd med din kontaktperson.
- Den ordinære arbeidstida skal ikkje overskrida 37,5 timar i veka. Med ordinær arbeidstid meiner vi den tida sommarvikaren er disponibel for arbeidsgjevar.
- Arbeidsgjevar/overordna gir beskjed om arbeidstida på din arbeidsplass. Starttidspunkt på arbeidsdagen kan variera i dei ulike einingane.
Dine plikter
- Du må møta presis når arbeidsdagen begynner.
- Sommarvikarane skal utføra arbeidet dei blir sette til etter beste evne, og vera lojale i forhold til sine overordna og kommunen.
- Du skal behandla inventar, utstyr og verktøy med omhu. Dette gjeld også ved bruk av bilar, traktor, tilhengar og liknande.
- Når du begynner i Austrheim kommune skriv du under på teieplikt.
- Dei som skal jobba med pleie- og omsorg, helse eller barnehage skal levera politiattest som er maksimum 3 månader gammal. Denne skal signerast før oppstart.
Sikkerheit
- Sommarvikarar må gjera seg kjende med kva sikkerheitsreglar som gjeld for bruk av Austrheim kommune sitt utstyr.
- Dersom det er krav om verneutstyr skal arbeidsgjevar/eininga skaffa deg dette.
- Arbeidsgjevar har plikt til å gi deg så god opplæring at du kan utføra den jobben du er sett til. Intern opplæring vil derfor bli gitt på kvar enkelt arbeidsstad.
Ingen sjukemelding
- Eigenmelding og sjukemelding gjeld ikkje for sommarvikarar.
- Sommarvikarar vil derfor ikkje ha krav på å få erstatning for sjukedagar. Gjeld det sjukdom for dagar eller meir, kan erstatningsdagar avtalast mot å levera legeerklæring.
- Det vert ikkje gitt erstatningsdagar for deltaking på konsertar og liknande.
- Ordinære køyretimar blir ikkje erstatta (bør leggast utanom arbeidsperiode). Oppkjøringstimar blir erstatta.
Mobiltelefon og løn
- Det er forventa avgrensa bruk av mobiltelefon i arbeidstida. Det er ulike retningslinjer på avdelingane, og sommarvikaren må setta seg inn i dette ved oppstart.
- Løn vert fastsett av gjeldande tariffavtalar.
- Timar skal førast i Visma Enterprise. Brukarnamn får de ved oppstart av sommarjobben.
- Løn vert utbetalt den 12. kvar mnd.
Velkommen som sommarvikar!
Sist oppdatert:
19.06.2023
Publisert:
19.06.2023