Meir om Austrheim
Det gode liv i Austrheim
Brosjyre om Austrheim
I denne brosjyren kan du lesa om det gode liv i Austrheim. Her skal det vera godt å bu, jobba og ha fritida si.
Austrheimfilmar
Kikk litt på korleis vi har det i Austrheim
I august 2015 lanserte Austrheim kommune fleire filmar frå kommunen. Hovudfilmen er basert på Anne Hvidsten sin sang Heim til Austrheim. Dei andre filmane er relaterte til kommunen som arbeidsgjevar. Kikk oss gjerne i korta.
Her er link til filmane:
Arbeid i kommunen - pleie og omsorg
Heim til Austrheim
Austrheim kommune er stolte over å ha ein så fin sang som hyllest til kommunen. Tekst og musikk av Anne Hvidsten. Austrheimjenta som stadig lengtar tilbake til røtene.
Heim til Austrheim finn du på Spotify og andre stader der du laster ned musikk.
I Tore Strømøy sitt program Sanger om Norge handla eit program om Åge Aleksandersen og Anne Hvidsten. Programmet finn du her.
Eit enkelt amatøropptak frå Austrheimhallen oktober 2010. Anne Hvidsten saman med barnekoret Tiriltunge
Sangen Heim Til Austrheim er også brukt i samband med kommunefilmen som kommunen laga i 2015. Du finn den på youtube.com her
Heim til Austrheim
Eg står her på min holme
Med lyngblomar i hand
Eg ser mot mørke havet
Mens bølgjer slår mot land
Ein måkestim i havet
Krinsar rundt ein båt
Og mannskapet om bord
Dei nynnar på ein låt:
Når sola sig i Vest
Då lengtar eg mot Aust
Eg lengtar heim til Austrheim
Eg lengtar heim til best
Ein skatt gøymd under bølgjer
Eit smykkeskrin i svart
Folk lev det gode livet
Mens vinden gjev dei fart
Eit folk som byggjer bruer
Eit mannskap kastar loss
Vi dekkjer til med langbord
Mens dei lengtar heim til oss
Når sola sig i Vest
Då lengtar eg mot Aust
Eg lengtar heim til Austrheim
Eg lengtar heim til best
Når holmen blir for lita
Og verda verkar stor
Då dreg eg ut i verda
Og freistar setje spor
Når dagen går mot ende
då går eg glad ombord
I skuta heim til lyngholmen
Til den beste stad på jord
Når sola sig i Vest
Då lengtar eg mot aust
Eg lengtar heim til Austrheim
Her lever eg som mest
Når sola sig i Vest
Då dreg eg heim til best
Eg lengtar heim til Austrheim
Her lever eg som mest
Austrheimparken – i sentrum av kommunen
Tankar om å etablere ein eigen park i sentrum av kommunen kom tidleg på 2000-talet. Det var Unge Kvinners Sanitetsforening som først kom med innspelet. Dei er ein del av Årås sanitetsforening.
Fleire forsøk vart gjort, men det heile stoppa opp då ein ynskte ei betre trafikal løysing inn forbi kommunehuset og inn til Mastrevik Torg og til Kystlandsbyen.
Då trafikkløysinga var på plass vart arbeidet med parken teke opp igjen, og med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune, diverse avsette fondsmidlar, og ikkje minst med løyving frå Austrheim kommunestyre, vart arbeidet igjen sett i gang.
Parken vart ferdig og det vart lyst ut namnekonkurranse. Kommunestyret gjorde i møte 21.10.15 vedtak om at parken skulle ha namnet Austrheimparken, og at den runde plassen i parken skulle kallast opp etter den mangeårige ordføraren Samuel Lervåg. Les meir her.
Den 29. oktober møtte mellom 200 og 300 personar fram for å ta del i opninga av Austrheimparken og Samuel Lervågs plass i kommunesentrum. Ordførar Per Lerøy og varaordførar Anne Dahle Austrheim klyppte snora, og skulekorpsa frå både Kaland og Austrheim spelte. Det vart ei flott ramme og ei flott markering. Mange av dei frammøtte nytta høvet til ein rusletur i parken etter snorklyppinga.
I alt har 16 bedrifter og Årås sanitetsforening bidrege med pengar for å få lyssett parken. Bedriftene er
Fosnøy bilsenter AS, Kjelstraumen Vertshus AS, Knuter Catering og service AS, Dalekovod Ltd, Sognnes AS, Byggmester Markhus AS, Markhus bolig AS, Kystlandsbyen utleie AS, Nordhordland Næringshage AS, AS Austrheim Næringsselskap, Nordhordland Grunn og Betong AS, Mastrevik Eiendomselskap AS, Cambio AS, Sparebanken Vest, Torghuset AS, Årås sanitetsforening
Skulpturell minibru
Elevar ved Austrheim vidaregåande skule, byggfag, har bygd ei skulpturell minibru som er plassert over vannspeilet i Austrheimparken.
Torsdag 3. desember 2015 var det opning av brua med 300 personar tilstades.
Brua er ein kopi av den brua som Kunsthøgskolen i Bergen sette opp på torget i Bergen. Prosjektet med minibrua er eit samarbeidsprosjekt mellom Austrheim vidaregåande skule, Kunsthøgskulen, Kunsthuset Austrheim og Kystlandsbyen. Også Byggmesternes Servicekontor og Byggmesterforbundet Region Vest er delaktige.
Les meir om brua i lokalavisene Nordhordland og Strilen.
2. verdskrig i Austrheim
Austrheimsamfunnet vart også sterkt prega under 2. verdskrig 1940-1945.
Her var det motstandsfolk og her var det englandsfart. Nokre av hendingane er med i boka "Krigsår i Kystbygder"
Det som kanskje er mest kjend er RISOR II, lyttestasjonen i Selsøy. Kvar 8. mai er det ei markering på Selsøy. Denne er det Neptun Seniorklubb som står for. I 2013 vart filmen RISOR II produsert i eit samarbeid mellom Neptun og Austrheim kommune. Filmen er gjeven ut på DVD og kan kjøpast gjennom Neptun Seniorklubb.
Filmen ligg også tilgjengeleg på Vimeo her.