- restaurantar, kafear/konditori
- catering/ferdigmatprodusentar
- gatekjøkken/kioskar, pizza - og hamburgerbarar
- kantiner, selskapslokale med kjøkken
- sjukeheim, aldersheim og andre institusjonar med kantine/kjøkken
- slakteri, kjøttforedling, fiskeforedling
- margarin- og matoljeproduksjon
- hermetikkproduksjon
- bakeri
- meieri
- fritering
- røykeri
- matbutikkar med steike-/grillavdeling
Utslepp av olje- eller feitthaldig avløpsvatn
Oljeutslepp skapar problem både på leidningsnettet og på reinseanlegga. Difor er det krav til at bedrifter som har utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal installere ein såkalla oljeutskiljar.
Kven må ha oljeutskiljar?
I Forureiningsforskrifta (kapittel 15) står det at bedrifter med vaskeplass, servicehall, smørehall og liknande må installere oljeutskiljar. Eksempel på slike verksemder er:
- Bensinstasjonar
- Motorverkstader
- Bussterminalar
- Verkstader og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner, skinnegåande materiell
- Anlegg for understellsbehandling
Slik søkjer du, for oljeutskiljar
Når du etablerer ei slik verksemd og søkjer kommunen om byggjeløyve, må du senda ein søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn til Austrheim kommune.
Hugs også at du må leggje ved kart over det aktuelle området, ein situasjonsplan, teikning av ønska olje-/bensinutskiljar, prøvetakingskum og dimensjoneringsgrunnlag for val av storleik og type.
Kven må ha feittutskiljar?
Verksemder som skal sleppa ut feitthaldig avlaupsvatn må søka om utsleppsløyve. Også når dette er til offentleg avlaupsnett.
Feittutskiljar skal brukast til å skilja ut feitt frå vatn som er forureina med små mengder fett. Typiske verksemder som treng feittutskiljar er dei som produserer, tilbereder eller behandlar varm mat. Døme på slike er:
Slik søkjer du, for feittutskiljar
Når du etablerer ei slik verksemd og søkjer kommunen om byggjeløyve, må du sende ein søknad om utslepp av feitthaldig avlaupsvatn til Austrheim kommune.
Hugs også at du må leggje ved kart over det aktuelle området, ein situasjonsplan, teikning av ønska feittutskiljar, prøvetakingskum og dimensjoneringsgrunnlag for val av storleik og type.