SMS-varsling

Døme på SMS-varsel

Det vil bli sendt ut slike meldingar ved brot på vassleidningen, eller tilsvarande hendingar der det er viktig å nå raskt ut til mange. Meldingsutsendinga er adressebestemt, på det sett at ein definerer kva område som skal få melding.

SMS- og talevarsel vert nytta i kombinasjon med meldingar på kommunen si heimeside www.austrheim.kommune.no, og kommunen si eiga side på Facebook.

Her hentar me telefonnummer

Nummera i databasen er henta frå Folkeregisteret. Austrheim kommune har med godkjenning frå Direktoratet for forvaltning og IKT også tilgang til nummer frå kontakt- og reservasjonsregisteret.

For dei som berre har registrert fasttelefon, vert det ringt opp og spelt av ei talemelding. Det vert ringt fleire gonger dersom mottakar ikkje høyrer gjennom meldinga første gong. For bedrifter som har fasttelefon, og der denne går rett til ein tastemeny, bør ein registrera mobilnummer.

Her kan du sjekka telefonnummeret

Om du loggar deg inn på den statlege nettsida norge.no, er det ei eiga side der som er for oppdatering av kontaktinformasjonen din (klikk her for å gå dit, ekstern lenke)

Der kan du sjekka at telefonnummeret er rett, at e-posten er rett, og dersom du har Digipost eller e-Boks kan du legga inn denne adressa.


Sist oppdatert: 17.11.2022
Publisert: 23.02.2022