Feiing

 

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der. 

Kva kostar feiing og bustadtilsyn?

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje. Gebyret skal altså betalast kvart år. 

Oversikt over kommunale gebyr finn du her.

Nordhordland brann og redning har feietenesta

Tidlegare var det eit privat firma som har hatt feiing for Austrheim kommune. No er det Nordhordland brann og redning som utfører feietenesta. 

Tidlegare Austrheim brannvern har også gått inn i Nordhordland brann og redning, men den endringa er først og fremst organisatorisk. Det er framleis mange flinke brannfolk i kommunen vår som rykker ut til brannar, ulukker og andre hendingar.

Kontaktinformasjon til Nordhordland Brann og Redning finn du på nettsida www.brannvernet.no (Ekstern lenke)

SMS-varsel frå feietenesta

Før feiaren kjem på besøk får du SMS frå feiaren, som ser nokolunde slik ut (i desse Korona-tider er det også litt informasjon i meldinga om smittevern): 

Melding frå brannvernet

Brannvernet kjem på feiing av fyringsanlegg hjå deg i (adresse), den 15.05.2020. Grunna Covid-19 pandemien vert feiing berre utført frå tak. Feiaren vil ikkje gå inn i huset.

Hugs å lukke spjeld og ventilar på eldstaden.

Svar på denne sms med 1 eller 2

1- Tidspunktet passar. Vi har ein avtale!

2- Tidspunktet passar ikkje. Eigar tar kontakt for ny avtale.

Trykk på link for meir informasjon: (link knytt til kvar bustadeigedom)

Fritak frå gebyr for feiing

Dersom bustaden din ikkje har pipe, eller det ikkje er montert eldstad (pipa er murt igjen), kan du be om fritak frå gebyret. Har du spørsmål ta kontakt med Bjørn Bjørge Torsvik Størkersen på teknisk avdeling, anten via sentralen 56 16 20 00, eller e-post bjorn.storkersen@austrheim.kommune.no.

Søknad skal sendast post@austrheim.kommune.no,
eller som brev til: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim


Sist oppdatert: 27.08.2021
Publisert: 30.09.2019