Boss og gjenvinning

  • Ein til bioavfall (140 l)
  • Ein til papir og papp (140 l)
  • Ein til restavfallet (140 l)

For både restavfallsdunken og papirdunken er det tømming annakvar veke (kvar si veke). Bioavfallsdunken kan du få tømt kvar veke, saman med restavfall eller papir. Plastsekkar til plastemballasje set du fram saman med papirdunken.

Bioposar til matavfall og plastsekkar får du frå renovasjonsbilen.

Det er mogleg å få redusert renovasjonsgebyret sitt på to måtar, ved å berre levera restavfall ein gong i månaden, og ved å inngå avtale om heimekompostering.

Det er også mogleg å bestilla ein større dunk for restavfall eller papir, om 140 liter er for lite. Då aukar gebyret noko.

 

Kva kostar det?

 Klikk her for å sjå oversikt over kommunale gebyr

 

Tømmekalendar

Tømmekalendar finn du her.

Gjenvinningsstasjonen på Litlås

På denne stasjonen kan du levere alle typar avfall, bortsett frå bilvrak og bildekk. Næringsavfall kan berre leverast i Kjevikdalen.

Adresse: Litlås Industriområde, Litlås 9, 5954 Mongstad.

Opningstider

  • Måndag: klokka 13.00 - 19.00
  • Laurdag: klokka 09.00 - 15.00

Meir info og kart finn du her

Sorteringsguide

Sjå sorteringsguide her.

Kontakt


Sist oppdatert: 28.03.2023
Publisert: 27.06.2018