Tidleg skulestart og utsett skulestart

For at ditt barn skal få byrja på skulen eitt år tidlegare, må barnet vera fylt 5 år innan 1. april det aktuelle året. Ta kontakt med skulen for nærare beskjed om korleis du går fram for å søka om tidlegare skulestart for barnet ditt.

 

Dersom du er i tvil om barnet ditt har kome langt nok i utviklinga til å starta på skulen det året det fyller seks år, har du rett til å be om utsett skulestart i eitt år. Ta kontakt med skulen for nærare beskjed om korleis du går fram for å søka om utsett skulestart for barnet ditt.


Sist oppdatert: 10.03.2022
Publisert: 10.03.2022