I Austrheim har vi to grunnskular. Frå hausten 2022 er Kaland skule ein rein barneskule, medan Årås skule er både barne- og ungdomsskule. I tillegg finn du Austrheim vidaregåande skule i Mastrevik.
Årås skule
Telefon kontor/Ailin Kolstad Isdal: 56 16 22 00
Rektor Bodil Boie Brekkan
- Tlf: 56 16 22 02 / 416 67 755
- E-post: bodil.boie.brekkan@austrheim.kommune.no
Inspektør Gunn Håland Dyrkolbotn
- Tlf. 56 16 22 03 / 456 32 008
- E-post: gunn.haland.dyrkolbotn@austrheim.kommune.no
Rådgjevar Tone Hatlem
- Tlf. 56 16 22 04
- E-post: tone.hatlem.ratcliffe@austrheim.kommune.no
Adresse
Furulyvegen 55
5943 Austrheim
Her finn du Årås skule. Sjå kart
Om Årås skule
Årås skule er ein 1.-10.- skule med 246 elevar hausten 2022. Skulen ligg sentralt ved kommunesenteret i Austrheim. Lokalisert i gangavstand til Austrheim Vidaregåande skule, og Austrheim Idrettspark er næraste nabo.
Sommarhelsing frå Årås skule
Til skulestart 17. august 2023 ønskjer vi 280 elevar velkomne til eit nytt skuleår.
Då skulen slutta til sommarferien var det anleggsverksemd, og fleire av klasseromma, i det vi kallar D-blokka, var prega av omfattande hærverk. Føresette og skulen var veldig oppsette på at når elevane kjem til skulestart hausten 2023, skal dei møte trivelege klasserom.
Eg er på vegne av Årås skule svært imponert og takksam for at føresette og elevar har brukt ein del av sin sommarferie til å reparere skadane etter hærverket. Som de ser på bileta, har dei sett i stand klasserom, gangareal og toalett på Årås skule, slik at elevane og dei tilsette møter svært trivelege klasserom som gir gode arbeidstilhøve for alle.
Tusen takk til føresette og elevar for den store og viktige jobben de har gjort, ein innsats for alle!
Eg vil be kvar og ein av dykk om å ta godt vare på den flotte skulen som Årås er.
I tillegg vert musikkrommet og tilbygget ferdigstilt og overlevert Austrheim kommune fredag 7. juli. Vi får eit flott musikkrom og eit funksjonelt og godt tilbygg. God sommar!
Beste helsing Bodil Boie Brekkan, rektor.



Kaland skule
Telefon kontor/Cecilie Fonnes Hjelmtveit: 56 16 21 50
Rektor Birgitte Gullaksen
Tlf. 56 16 21 52 / 997 06 344
E-post: birgitte.gullaksen@austrheim.kommune.no
Inspektør Elisabeth Maria Andersen
Tlf. 56 16 21 54
E-post: elisabeth.marie.andersen@austrheim.kommune.no
Adresse
Vardevegen 51
5953 Fonnes
Her finn du Kaland skule. Sjå kart
Om Kaland skule
Skulen er ein barneskule med 1. - 7. klasse, med 79 elevar frå hausten 2022. Kaland skule ligg i gangavstand til Mongstad med store og spanande bedrifter som Equinor og TCM i nærleiken.
Skulen har eige basseng.
Innlogging til Visma skule
Her er linken du brukar for innlogging til Visma skule:
Skulerute
For skule- og barnehagerute klikk her:
Skulekrinsar
Elevar som bur mellom kommunegrensa mot Alver ved Mongstad, og Kilstraumbrua, soknar til Kaland skule. Elevar som bur mellom Kilstraumbrua og kommunegrensa mot Alver ved Fosnstraumbrua, soknar til Årås skule.
Frå skuleåret 2022/23 er heile kommunen felles ungdomsskulekrins. Dette skuletilbodet er ved Årås skule.
Ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56 16 20 00 om du lurer på kva skulekrins barnet ditt soknar til.
Gå på annan skule enn nærskulen
Det kan vera særlege grunnar til at ein elev og foreldre ønskjer skulestad ved ein annan skule enn det som er nærskulen. Det kan til dømes vera grunngjeve med flytting, mellombels bustad eller sosial-pedagogiske tilhøve. Foreldra tar då kontakt med skulen ein høyrer til, der ein får rettleiing om vilkår og framgangsmåte.
Søknader blir behandla av kommunen etter reglane om enkeltvedtak.