Val 2021

Førehandsrøysting 10. august - 10. september

Ordinær førehandsrøysting startar tysdag 10. august, og går heilt fram til fredag 10. september. 

Stad: Servicekontoret i 1. etasje på kommunehuset på Mastrevik, adresse: Sætremarka 2.

Alle med røysterett, uansett kva kommune dei er folkeregistrerte i, kan førehandsrøysta hjå oss: 

Opningstider:

  • Mandag - fredag kl. 09.00 - 15.00
  • Langope torsdagane fram til kl. 19.00
  • Laurdag 28. august og 4. september frå kl. 10.00 - 14.00

Du kan vera ukjend for røystemottakarane, så ta med gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er førarkort, pass og bankkort med bilde. Du treng ikkje ha med deg tilsendt valkort.

Hugs at du må vera frisk for å førehandsrøysta. Det er mogleg å få røysta heimefrå for dei som er smitta av Korona/ i karantene, sjå lengre nede på denne sida.

Kven kan røyste ved stortingsval?
  • Du er norsk statsborgar
  • Du er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge
  • Du er over 18 år eller fyller 18 år i løpet av 2021
Manntal

For å kunne røysta ved stortingsvalet må du stå i manntalet. 

Du kan sjølv kontrollera om du står i manntalet.

Du er manntalsført i den kommunen du pr. 30. juni er folkeregistrert i.

Alle med røysterett som er folkeregistrerte i Austrheim pr. 30. juni i valåret er innførte i manntalet for Austrheim kommune. 

Flyttar du til Austrheim kommune etter 30. juni?

Har du har flytta frå ein annan kommune, og Folkeregisteret ikkje har motteke flyttemeldinga innan 30. juni, så står du framleis manntalsført i kommunen du har flytta frå, og du har røysterett i denne kommunen.

  • Dersom du ønskjer å røysta på valdagen, så må du røysta i kommunen du har flytta frå.
  • Du kan førehandsrøysta i Austrheim kommune, eller i ein annan kommune, i perioden for førehandsrøysting, frå 10. august til 10. september.

Austrheim kommune sitt manntal er tilgjengeleg for ettersyn i Servicekontoret og Biblioteket på kommunehuset.

Valkort

Valkort er ei stadfesting på at du har røysterett. I tillegg står det nyttig informasjon som er lurt å lesa, m.a. står det kva valkrins du høyrer til.

Valkortet vert for dei aller fleste digitalt i år, og kjem i den digitale postkassen din. Du kan lasta det ned på mobiltelefonen og visa det fram når du røyster. Då er det enklare for røystemottakarane å finna deg i manntalet, men du må ikkje ha det med.

Slik vil det sjå ut: Digitalt valkort

Desse får valkort på papir: 

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadane, kjem til å få valkortet på papir.

Røyste på valdagen 13. september

På valdagen kan du røyste i din heimkommune. I Austrheim har vi to røystekrinsar med eit vallokale i kvar krins som er ope på valdagen. Du kan velje fritt kva lokale du vil bruke. 

Kaland skule kl. 14.00 - 21.00
Austrheimhallen kl. 14.00 - 21.00

Røyste heime? Ambulerande stemmegiving

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å kunna førehandsrøyste heime. 

Frist for å be om å få røyste heimifrå er fredag 10. september kl. 10.00. Dersom du er i isolasjon eller karantene pga korona, er fristen måndag 13. september kl.10.00.

Ta kontakt med Servicekontoret på tlf. 56162000 eller e-post: post@austrheim.kommune.no

Kva parti stiller liste - les meir om val i Norge

Hordaland og Sogn og Fjordane er slege saman til det nye fylket Vestland, men ved Stortingsvalet er valkrinsane framleis dei ganle fylka: Her finn du lister til stortingsvalet frå Hordaland, klikk her:

Hjå Valgdirektoratet kan du lesa meir om valordninga i Norge. For heimesida til Valgdirektoratet, klikk her:

Sametingsvalet

Du kan førehandsrøyste til sametingsvalet ved alle lokala for førehandsrøysting i kommunen.
Du må vera registrert i sametinget sitt manntal.
Informasjon om sametingsvalet finn du på sametinget.no.

Klikk her for sametinget si heimeside:

Tidlegrøysting - 1. juli -  9. august

Tidlegrøysting er meint for veljarar som ikkje har høve til å røysta i ordinær periode for førehandsrøystinga (frå 10. august), og som heller ikkje kan røysta på valdagen.

Dei ordinære vallistene vil ikkje vera tilgjengelege så tidleg, du vil staden få ei avkryssingsliste med alle godkjende vallister i Noreg, og der du krysser av for partiet du ønskjer å røysta på.

Du kan tidlegrøyste på Servicekontoret på kommunehuset i vanleg opningstid 09.00 - 15.00.

Har du spørsmål ta kontakt med oss på telefon 56162000.


Sist oppdatert: 11.03.2022
Publisert: 11.03.2022