Val

 Val 

Her kan du lese meir om val:

Regjeringen si side om val i Norge

Valg.no

Har du lyst til å vere stemmemottakar ved valet ?

Har du lyst til å vere stemmemottakar ved valet 

Stemmestyra er dei valmedarbeidarane som organiserer og styrer stemmemottak i dei to vallokala våre, Kaland skule og Austrheimhallen, på valdagen.

Heldigvis er det mange flinke folk som er med vidare frå tidlegare val, men kommunen treng å rekruttera fleire. Ei god og korrekt avvikling av val er den viktigaste jobben me gjer, og me håpar at fleire vil vera med på denne.

Det blir gitt opplæring i forkant av valdagen, slik at alle som er med i stemmestyra skal kjenna seg trygge på kva jobben deira er. Det blir også betalt godtgjering for innsatsen, men som mykje anna kommunal betaling er den ikkje så kolossal at det bør vera einaste motivasjon.

For å melda deg til innsats sender du ein e-post til post@austrheim.kommune.no  med:

  • Namn
  • Adresse
  • Mobiltelefon
  • Fødselsdato
  • E-postadresse.

Du må ha stemmerett for å vera med i stemmestyret, det inneber at du må vera 18 år gammal, eller fylla 18 år i løpet av valåret.

Røyste heime? Ambulerandre stemmgiving

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å kunna førehandsrøyste heime. 

Ta kontakt med Servicekontoret på tlf. 56162000 eller e-post: post@austrheim.kommune.no

 

Val 2021

Klikk her for å lese meir om valgjennomføringa i 2021


Sist oppdatert: 11.03.2022
Publisert: 11.12.2018