Skriveråd for gode tekstar

Kven skriv du for?
  • Tenk gjennom kven du skriv til.

  • Kvifor skal mottakaren få denne teksten?

  • Kva skal lesaren gjera? Sørg for at det kjem tydeleg fram om mottakaren skal senda inn noko innan ein frist, eller møta opp til eit visst klokkeslett.
Sjå for deg den du skriv til

Kva føresetnader har lesaren for å forstå teksten?

  • Er det ein fagperson, ein politikar, ein kollega eller ein eldre person som skal få heimetenester for første gong? Ulike målgrupper krev ulike måtar å kommunisera på. Folk er ulike, det må vi tenkja på når vi skriv.

  • Tenk på kva kunnskap lesaren har om saka frå før. Dersom bodskapen kjem tydeleg fram, er det større sjanse for at lesaren gjer det du forventar og ønskjer, og då slepp du å forklara i etterkant.
Lag informative overskrifter

Få fram hovudbodskapen i tittelen. Stikkord i overskrifter gir lite informasjon. Bruk gjerne ei heil setning, og unngå tomme fraser som vedr. 

Skriv det viktigaste først

Start alltid med det som er det viktigast for lesaren, gjerne allereie i overskrifta. Skriv du svar på ein søknad, vil mottakaren vera mest interessert i om søknaden er innvilga eller om det er eit avslag. Skriv: "du får sjukeheimsplass ved Nordliheimen", ikkje: "vedtak om sjukeheimsplass". Det siste kan også vere eit avslag. 

Gjer det enkelt å finna fram i teksten

Mellomtitlar gir god lesehjelp til mottakaren. Dei kan framheva viktig informasjon og hjelpa lesaren å navigera i teksten. Punktlister gir god oversikt. Avsnitt og luft gjer teksten lettlest. 

Gi lesaren tid til å trekka pusten. Bruk korte setningar der det er mogleg. Sei ein ting om gongen. Set punktum ofte. Som regel er setningar med meir enn 30 ord, for lange. 

Forklar faguttrykk, og bruk ord målgruppa forstår
  • Unngå stammespåk. Bruk konkrete, presise og kjente ord der du kan.

  • Forklar faguttrykk og interne formuleringar i tekstar som vender seg til folk flest.

  • Skriv forkortingar heilt ut første gong du brukar det i teksten, med forkorting i parentes. 
Val av ord

Bruk eit moderne språk, men ver obs på moteuttrykk. Bruk ord frå daglegtale der du kan.

Unngå ord og uttrykk som verkar framande eller forelda. Ein såkalla "kansellistil" eller umoderne byråkratspråk skapar unødvendig avstand til lesaren.

Ver varsam med moteorda, mange brukar desse orda feil. Døme er "i forhold til", "fokus", "proaktiv" og "framoverlent". 


Sist oppdatert: 24.03.2023
Publisert: 12.12.2022