Skrivereglar og hugselister

Grammatikk

Infinitiv av verb
Du kan sjølv velja om du vil skrive -a eller -e til sutt, men ver konsekvent.

Vi - me?
Du kan sjølv velja om du vil skrive vi eller me, men ver konsekvent.

Du vel sjølv om du brukar -j i verb eller ikkje, men ver konsekvent.

  • å gi (gir) eller å gje (gjev)/-a
  • å følge eller å følgje/-a
  • å bygge eller å byggje/-a
  • å søke eller å søkje/-a
  • å tenke eller å tenkje/-a
  • å sitte eller å sitje/-a  
  • å sette eller å setje/-a 
  • å ligge eller å liggje /-a  
  • å legge eller å leggje/-a 
  • å ønske eller å ønskje/-a 
  • å rekke eller å rekkje/-a 
  • å fremme eller å fremje/-a 

Det same gjeld substantiv

Ein innbyggar/innbyggjar, ein utbyggar/utbyggjar, ein båtbyggar/båtbyggjar, ein følgar/følgjar, ein søkar/søkjar, ein tenkar/tenkjar, ein givar/gjevar

Bruk av genitiv

S-genitiv er lite utbreidd i nynorsk.

Skriv mannen sitt namnkommunen sitt regelverkforeldra til eleven, heller enn mannens namn, kommunens regelverk, elevens foreldre.

Etter særnamn og liknande er det greitt å bruke s-genitiv: Kommunedirektørens skriv, Noregs land. 

Stor eller liten forbokstav

Det er ikkje så ofte vi skal bruke stor forbokstav. Bruk stor forbokstav berre i starten av ei setning eller i eit namn.

  • ordførar, kommunedirektør, kommunalsjef, sjukepleiar, driftsleiar osb.
  • Austrheim kommune
  • Austrheim kommunehus, men Kommunehuset
  • kommunestyret, formannskapet
  • namnet på dag eller månad med liten forbokstav: fredag 17. mai
  • lover skriv vi med liten forbokstav, med unntak av sjølvaste Grunnlova.

Vi skriv aldri De eller Dykkar med stor D, vi skriv du.

Forkortingar

Hovudregelen er at forkortingar skal ha punktum.
Unntaket frå regelen er forkortingar for mynt, mål og vekt (til dømes kr, cm, kg) og initialord (NHIKT, NRK, PPT).

Her er nokre vanlege forkortingar:

  • gards- og bruksnummer = gbnr.
  • jamfør = jf. (ikkje jfr.)
  • eventuelt = ev. (ikkje evt. Evt. står for etter vår tidsrekning)
  • månad = md.
  • til dømes = t.d. / for eksempel = f.eks.
  • kroner = kr
  • klokka = kl.
  • Og så bortetter = osb./og så vidare = osv.
  • Cirka = ca. 
Dato og klokkeslett

Den norske skrivemåten for datoar har rekkefølga dag-månad-år. Klokkeslett skriv vi med punktum mellom timar og minutt. 

Datoar: 

  • 24.03.2023 (i brev og dokument)
  • 24. mars 2023 (i løpande tekst)

Klokkeslett:

  • Heile timar 0 - 24
  • Klokka = kl.
  • Skriv klokkeslett med heile tal, utan ekstra nullar kl. 9 -15.30
Å vise til ei lov

Den einaste lova du kan skrive med stor forbokstav er Grunnlova, alle andre lover skriv skal ha liten forbokstav.

Du kan nesten alltid bruke kortforma av namnet på lova, og da kan du bruke nynorsk som i følgjande døme (lov om barnehager), der kortform er barnehagelova

Fleire døme på kortform 

  • lov om målbruk i offentleg teneste - mållova
  • lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd - offentleglova

Dersom du skal vise til ei lov med heile namnet til lova, må du bruka den målforma loven er skriven i, som til dømes lov om vern mot forurensninger og om avfall.

På lovdata finn du alle lover og der ser du om den er skriven på nynorsk eller bokmål, du finn og kortforma. Lovdata, ekstern lenke.

Hugseliste - tenk på dette før du sender frå deg teksten
  • Er overskrifta god, viser den kva teksten handlar om?
  • Er mellomtitlane nyttige?
  • Kjem bodskapen fram i starten av teksten?
  • Kan målgruppa forstå teksten?
  • Vender teksten seg direkte til mottakaren?
  • Er all viktig og nødvendig informasjon i teksten?
  • Er tonen i teksten passande?
  • Er det brukt ord eller uttrykk som kan vere vanskelege å forstå?
  • Er det brukt fagord eller forkortingar og er desse forklarte?
  • Er det skrivefeil?
  • Er dokumentet i tråd med vår grafiske profil?

Sist oppdatert: 17.04.2023
Publisert: 20.01.2023