Sjå politiske møte direkte
Etter vedtak i kommunestyret 14. desember 2023 vert det våren 2024 berre streaming av møta i kommunestyret, og ikkje for formannskapsmøta eller det nystarta levekårsutvalet.
Tidlegare har møta i formannskapet også vore sendt direkte på Kommune-TV, men det er no seks månaders pause. Vedtaket seier at streaming-pausen skal vara til sommaren 2024, og at det då skal evaluerast med tanke på kva som skal skje vidare. Det nye levekårsutvalet, oppretta etter valet i 2023, skal heller ikkje streamast våren 2024.
Møta er uansett opne for publikum, med mindre noko anna er kunngjort.
Du kan sjå opptak av møta på Austrheim si side for kommune-TV.
Lenke til KommuneTV for Austrheim klikk her.
Sist oppdatert:
02.01.2024
Publisert:
24.06.2022