HjemPolitikk og administrasjonProfil, logo og kommunikasjon

Profil, logo og kommunikasjon

Profilhandbok

Klikk her for Austrheim kommune si profilhandbok.

 

Meir logomateriell kjem på plass her i løpet av våren 2022

 

Kvar finn du Austrheim kommune på nett?

No er du jo på den offisielle nettsida til Austrheim kommune, men me er også andre stader på nettet. I hovudsak deler me på desse plassane informasjon som også er på nettsida:

Kommunen er på Facebook, klikk her for å gå dit

Kommunen er på Instagram, klikk her for å gå dit

Kommunen er på Youtube, klikk her for å gå dit

Oppretting av kontoar i kommunen sitt namn skal godkjennast av informasjonsansvarleg.

Sakshandsaming skjer ikkje på nett

Det er mogleg å senda kommunen ei melding på Messenger eller legga igjen ein kommentar på Facebook eller Instagram. Det kan henda du får svar utanom arbeidstid, men du må rekna med at det ikkje kjem svar før neste arbeidsdag.

Formell sakshandsaming skjer ikkje gjennom Messenger og liknande. Har du innspel til ei konkret sak, må du senda brev til kommunen, ein e-post til post@austrheim.kommune.no, ringa 56 16 20 00 innanfor opningstida, eller ta turen innom kommunehuset.


Sist oppdatert: 06.04.2022
Publisert: 03.03.2022