Temaplan oppvekst 2024-2028 for Austrheim kommune

Kommunestyret vedtok i møte den 21. mars 2024, i sak PS 21/2024, «Temaplan oppvekst 2024-2028». Dette er ein temaplan for born og unge i Austrheim kommune. Temaplanen har vore ute til høyring til alle lag og organisasjonar som omhandlar barn og unge i kommunen.
Publisert: 11.04.2024
Sist endra: 11.04.2024

Kommunestyret har no vedteke ein plan for kommunen sitt arbeid for å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsproblem, jf. den nye vedtekne bestemminga i barnevernslova § 3-1 andre ledd.

Dette skal bidra til ei overordna forankring av det førebyggjande tilbodet og fordelinga av kommunen sine ressursar til dette arbeidet.

Det vil dessutan vere eit viktig verktøy for å sikre forpliktande og systematisk innsats for å legge til rette for heilskaplege tenester.

Temaplanen inneheld kommunen sine løysingar knytt til lovkravet. Temaplanen viser kva vi skal gjere for å leggje til rette for gode oppvekstvilkår i kommunen.

Oppvekstplanen er eit overordna plandokument som skal sikre oppfølging av relevante mål og strategiar i samfunnsdelen.

Planen synleggjer kommunen sin innsats retta mot barn, unge og familiane deira, med fokus på barnehage, skule og andre hjelpetenester. Planen skal løfte kvaliteten på korleis ein samhandlar med andre tenester i kommunen.

Vidare er samarbeid med føresette, frivillige organisasjonar, statlege-, fylkeskommunale- og kommunale tenesteområde og næringslivet, viktig for å lukkast med målsetjingane. Du kan lesa heile planen på følgjande link: Austrheim kommune - Temaplan oppvekst 2024-2028

Kommunedirektøren