HjemPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarSøknad om etablering av akvakulturanlegg «Ny lokalitet» på oppdrettslokaliteten Senoksen i Austrheim kommune - Offentleg ettersyn

Søknad om etablering av akvakulturanlegg «Ny lokalitet» på oppdrettslokaliteten Senoksen i Austrheim kommune - Offentleg ettersyn

Dette sjøområdet er i Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland, planid. 2021003 avsett til akvakulturområde. Kommunestyret godkjente denne arealplanen den 26.10.2023. Kart under viser omsøkt plassering:

Omsøkt plassering av akvakulturanlegg sør for Senoksen  

Omsøkt plassering av akvakulturanlegg sør for Senoksen.

Akvakulturområde Senoksen er vist i plankartet over

 Akvakulturområde Senoksen er vist i plankartet over.

 Oversiktskart med raud prikk viser Senoksen

Oversiktskart med raud prikk viser Senoksen.

Omsøkt tiltak er i tråd med overordna arealplan for dette sjøområdet. Søkjar ynskjer ein maksimal tillatt biomasse på 3900 tonn. Planlagt produksjon per produksjonssyklus er 3500 tonn.

Lokaliteten vil erstatta lokalitetane 11754 Bøøy og 11756 Allersholmen, som iht. arealplanen si føresegn § 3.1.9 b må avsluttast og slettast frå akvakulturegisteret før omsøkt tiltak vert etablert ved Senoksen. Allersholmen får arealformål «Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhørende strandsone (BSV)» når det no går ut av bruk til oppdrett. Det tiltenkte tiltaket er plassert i eit vesentleg meir gunstig område enn dei to andre lokalitetane, både i forhold til fiskehelse, men også i forhold til spreiing av organisk materiale og botnmiljøet si bereevne. Akvakultursøknaden har nr. SP-2024-001430. Plandokumenta kan sjåast på kommunehuset eller her:

Merknad til søknaden frå Blom Fiskeoppdrett AS må sendast til Austrheim kommune innan 15. oktober 2024. Adresse er Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim eller til post@austrheim.kommune.no

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 06.09.2024
Publisert: 06.09.2024