Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001

Med atterhald om vedtak i kommunestyret den 13.12.2018 så gjer Austrheim kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vedtak om igangsetting av Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen båthamn med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001. Merknad til oppstartmelding må sendast innan 22. januar 2019
Publisert: 05.12.2018
Sist endra: 20.03.2020

Formålet med planendringa er å leggja til rette for ei god utvikling av bustadområdet Heiane med utviding med bustadområde B09 og vidareutvikling av småbåthamna i Finnsvågen.

Planendringa skal innehalda planskildring, ROS-analyse, reguleringsføresegner, plankart og andre utgreiingar som vert krevd i planframlegg fram til offentleg ettersyn. Planområdet er på om lag 175 dekar.

Planområde for planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utvidig av bustadområde B09

Saksframlegg - planendring planid. 2018001