Lokal forskrift om slamtømming for Austrheim kommune - Offentleg ettersyn.

Lokal forskrift er heimla i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 33, § 34, § 37, § 79, § 83 og § 85.

Føremålet med denne forskrifta er å sikra forsvarleg miljøkvalitet ved eit avløpsanlegg, slik at forureining ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturens evne til produksjon og sjølvfornying. Forskrifta har og som formål å sikra helsemessig, miljømessig og økonomisk forsvarleg innsamling, transport og handsaming av slam. Forskrifta gjeld tømming, transport og handsaming av slam og sanitært avløpsvatn frå slamanlegg. Forskrifta fastset og retningslinjer for slamgebyr. Kommunestyret fastset gebyret sin storleik.

Du kan lesa om forslaget til forskrift her på Austrheim kommune si heimeside, klikk her.

Dokumenta i saka ligg også til offentleg ettersyn på kommunehuset i Austrheim kommune.  

Merknadsfrist er sett til 30. desember 2020. 

Merknad må sendast skriftleg via skjema:

Skjema for høyringsuttale - Austrheim kommune

eller pr. post:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim


Rådmannen


Sist oppdatert: 09.11.2020
Publisert: 08.11.2020