Kunngjering av godkjent Kommunedelplan for naturmangfald i Austrheim kommune med handlingsdel
I arbeidet med utarbeiding av kommunedelplanen har det vore viktig å få å ei oversikt over naturmangfaldet i kommunen. Det er kome inn svært god og nyttig informasjon til dette planarbeidet frå friviljuge lag, landbruksnæringa, kystfiskarar, privatpersonar og frå ulike offentlege instansar.
Austrheim kommune vonar at planen skal føre til auka interesse og kunnskap om naturen vår og artane som lever her, men og føra til at me saman tek betre vare på plante- og dyrelivet og naturtypane i kystkommunen vår.
Handlingsdelen til planen viser kva som skal og bør gjerast framover for å ta vare på naturmangfaldet i Austrheim kommune.
Planstrategien skal handsamast politisk av først formannskapet (torsdag 12. september), og deretter kommunestyret torsdag 26. september.
Her er Kommunedelplan Naturmangfald (4279). Austrheim kommune 28.08.24 (klikk her)
Kommunedirektøren