Kunngjering – Godkjenning av planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen

Kommunestyret i Austrheim kommune vedtok i møte 10.12.2020 å godkjenna planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen med utviding av bustadområde B09, planid. 2018001. Med dette vert denne planendringa kunngjort.

Klikk på desse lenkene for å lesa:

Saksutgreiinga, vedtaket i kommunestyret er som framlegget.

Reguleringsføresegner er datert den 23.11.2020.

ROS-analyse er datert den 31. oktober 2020.

Plankart er datert den 25. november 2020.

Planomtale og GH-karta til revidert VA-rammeplan er datert den 03.11.20.

Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12.

Det vert planlagt for omlag 30 nye bustadeiningar i planområdet, det vert og ei utviding av Finnsvågen båthamn med ca. 15 båtplassar. Ny framtidsretta infrastruktur med fortau langs fylkesvegen, men og internt vegnett i bustadfeltet er regulert på plass.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jamfør Pbl. § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 5. januar 2021 til adresse

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Rådmannen


Sist oppdatert: 14.12.2020
Publisert: 11.12.2020