Godkjenning av planendring av reguleringsplan Hyttefelt på Lauvøy 160/70, planid. 2007002- Kunngjering

Plankartet er datert den 13.11.2019 og den reviderte føresegna er datert den 01.06.2019. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova sin § 12-14.

Planendringa legg til rette for at det i naustområdet (BUN) kan førast opp eit fellesnaust. Fellesnaustet skal vera utforma som enkelt naust/naustrekke. Det kan og førast opp ei frittståande bod på 15 m2 på kvar hyttettom. Det er og regulert inn ei ny hyttetomt ved parkeringsplass. 

Du kan lesa om planendringa på Austrheim kommune si heimeside  eller på kommunehuset. 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast av private partar,  jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 7. januar 2020 til adresse:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl.
§§ 15 og 16 må vera framsett innan tre år.

Rådmannen

Godkjenning av planendring på reguleringsplan Hyttefelt på Lauvøy

Revidert plankart

Reviderte føresegner


Sist oppdatert: 20.03.2020
Publisert: 16.12.2019