HjemPolitikk og administrasjonHøyringar og kunngjeringarGodkjenning av detaljreguleringsplan for Bustadområdet B07 og skuleområdet ved Austrheim Vidaregåande skule, planid. 2021001 – Kunngjering

Godkjenning av detaljreguleringsplan for Bustadområdet B07 og skuleområdet ved Austrheim Vidaregåande skule, planid. 2021001 – Kunngjering

Plankartet er datert den 16.02.2023. Reguleringsføresegner er datert den 01.03.2023. ROS-analyse er datert den 22.06.2022 og planomtale den 01.07.2022. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12.

Du kan lesa om den detaljreguleringsplanen på kommunehuset eller her på kommunen si heimeside. Sakspapira til kommunestyret sitt møte 13. april, der denne saka var med, er tilgjengeleg på denne lenka:

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28.

Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 6. juni 2023 til

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post:

post@austrheim.kommune.no

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Kommunedirektøren


Sist oppdatert: 20.04.2023
Publisert: 30.03.2023