2021-budsjettet lagt ut på høyring
Innbyggjarar, lag og organisasjonar vert med dette inviterte til å komma med innspel til budsjettframlegget. Høyringsfristen er sett til tysdag 24. november.
Skjema for høyringsuttale - Austrheim kommune
Formannskapet la ut budsjettet slik det var lagt fram frå rådmannen, med eitt unntak. Formannskapet tok ut rådmannen sitt kutt i tilskotet til Den norske kyrkja, der det var lagt inn eit kutt på 325.000. Dette kuttet er altså teke ut av det budsjettet som er på høyring.
Handsaminga av 2021-budsjettet vert dermed slik:
Torsdag 5. november: Formannskapet sitt vedtak om å leggja budsjettet på høyring.
Tysdag 24. november: Høyringsfrist, frist for å komma med innspel til budsjettet.
(rådmannen skal i tida mellom her handsama dei innspela som kjem)
Torsdag 3. desember: Formannskapet handsamar budsjettet etter høyringa.
Torsdag 10. desember: Kommunestyret gjer endeleg vedtak om budsjettet for 2021, og økonomiplanen for dei kommande fire åra 2021-2024.