3. gongs begrensa høyring og offentleg ettersyn - «Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Planforslag for Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland ligg no til 3. gongs begrensa høyring med høyringsfrist 14. august 2023.

Det er mindre endringar av forslaget som var til 2. gongs høyring (2GH). Dokumenta – «Saksutgreiing» og «3GH Arealendringar» - gir oversikt over endringane i høve til 2GH.

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal har i fellesskap utarbeidd eit forslag til interkommunal plan for sjøareala i kommunane, jf. plan- og bygningslova (pbl.) §§9-1, 9-2 og 9-3. Det interkommunale planutvalet (IKPU) har fått mynde til å sende planen ut på høyring og offentleg ettersyn. Planen bygger på rammene i planprogrammet som vart vedteke av IKPU juni 2021 og det som var på 2. gongs høyring.

Dette er ein arealplan for sjøareala over kommunegrensene og skal sikre langsiktige rammer for berekraftig arealbruk, forvaltning og verdiskaping i sjøområda. Planen skal munne ut i ein juridisk bindande plan på kommuneplannivå.

Alle innspel skal merkast - «Høyring Interkommunal plan sjøareal 3GH» (skriv det i emnefeltet i e-post) – og sendast til post@regionnordhordland.no

Plandokumenta finn du på nettsida til Region Nordhordland, lenkene under går direkte til deira nettside. Dokumenta er ganske omfattande – men her er ei kort «rettleiing» på kva du bør sjå på og rekkefølgje (starte med):

  • Høyringsbrev
  • Saksutgreiing
  • Arealendringar
  • 2GH IKP sjø innspel - oversikt over merknadane til 2GH og korleis dei er besvarte

Har du spørsmål eller ønskje om nærare avklaring kan du ta kontakt med:

  • Hans Kristian Dolmen: hans.kristian.dolmen@alver.kommune.no
  • Bent Gunnar Næss: bent.gunnar.naess@regionnordhordland.no

Saksdokument til denne høyringa (klikk på lenkene for å lesa PDF-dokumenta):


Plankart til 3. gangs høyring, (klikk på lenkene for å lesa PDF-kart):


Sist oppdatert: 26.06.2023
Publisert: 26.06.2023