HjemPolitikk og administrasjonVal av meddommar, forliksråd, skjønnsmedlemmer

Val av meddommar, forliksråd, skjønnsmedlemmer

I 2024 skal kommunane velja nye meddommarar for perioden 1. januar 2025 til 31. desember 2028. Det betyr at dagens utval av meddommarar i tingrettane, lagmannsrettane og jordskifterettane gjeld fram til 31. desember 2024, og tilsvarande er dagens forliksråd gjeldande fram til då.

Den neste perioden går frå 1. januar 2025 til 31. desember 2028.

Dei som er meddommar, skjønnsmedlem eller medlem i forliksrådet i dag, og som ønskjer å gå ut etter at dagens periode er slutt, treng ikkje gjera noko.

Prosessen i 2024, med fristar og liknande:

  • Januar 2024: Kommunen går ut med informasjon om at det skal veljast nye utval til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten, og nytt forliksråd.
  • Seinast 1. mars 2024: Dei ulike domstolane skal rapportera til kommunane om kor mange namn dei skal ha frå kvar kommune.
  • Det står i domstollova § 67 at "Kommunen skal oppfordre allmennheten til å foreslå kandidater til valget", og me vil gå ut og be om innspel på moglege kandidatar, i tillegg til at det sjølvsagt er mogleg å føreslå seg sjølv.
  • Mars/april/mai 2024: Administrasjonen og valutvalet jobbar med å kartlegga kandidatane, herunder sjekk av vandel med meir.
  • 20. april 2024: Søknadsfrist for å melda seg som kandidat.
  • Før vedtak i kommunestyret skal framlegget til kandidatar leggast ut på offentleg høyring i minst to veker, med frist for tilbakemelding dersom nokon har innvendingar.
  • 20. juni 2024: Kommunestyret sitt siste møte før sommaren, der politikarane gjer vedtak om val, som er tidsnok før 1. juli som er siste frist for val som meddommar og skjønnsmedlem.
  • Fristen for å velja forliksrådsmedlemmer er seinare på hausten, 15. oktober, men det blir gjort 20. juni saman med dei andre vala.
  • Seinast 15. september 2024: Kommunen rapporterer til Domstoladministrasjonen om kven som er valde som meddommarar, og til Vestland fylkeskommune om kven som er valde som skjønnsmedlemmer.
  • Kommunen rapporterer til Statsforvaltar om kven som er valde til forliksråd.

Skal sikra representasjon:

Kommunen har ansvar for å sikra ei allsidig samansetting av utvala til domstolane, jamfør domstollova § 67. Meddommarane skal i størst mogleg grad vera eit bilde av innbyggjarane i kommunen, med tanke på mellom anna alder, etnisk bakgrunn og kultur. I tillegg er det krav til lik kjønnsrepresentasjon. 

  • Til lagmannsretten skal det veljast to utval med meddommarar, eitt utval for kvinner og eitt for menn, jamfør domstollova § 64.
  • Til tingretten skal det veljast to utval med meddommarar, eitt utval for kvinner og eitt for menn, jamfør domstollova § 65.
  • Til jordskifteretten skal det veljast eitt utval, med like mange kvinner og menn, jamfør jordskiftelova § 2-5.
  • Kommunestyret skal også komma med framlegg på namn til utvalet av skjønnsmedlemmer for Vestland, desse skal i neste tur veljast av fylkestinget, altså dei folkevalde i Vestland fylkeskommune.

Kva er ein meddommar/eit skjønnsmedlem?

  • Ein meddommar er ein person utan juridisk utdanning som deltek i behandlinga av ei rettssak på lik linje med domstolen sine eigne dommarar (fagdommarar).
  • Eit skjønnsmedlem kan langt på veg karakteriserast som ein type sakkunnige meddommarar. Dei deltek både i tingretten, jordskifteretten og lagmannsretten, i rettslige skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten). Slike skjønn er ei form for rettargang der formålet som regel er å fastslå verdien av fast eigedom, eller rettar i fast eigedom. Skjønn er mest brukt i saker som gjeld oreigning (ekspropriasjon) og når område blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjønn kan også brukast i samband med erstatning etter naturskade.

Litt om kven som kan veljast:

  • Det er ein del formelle krav til det å vera meddommar, lista opp i domstollova, sjå lenke under.
  • Ein kan berre vera med i eitt av utvala for tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten, men kan vera skjønnsmedlem i tillegg.
  • Ved innmelding skal kommunen ha oversikt over utvalsmedlemmenes sitt fulle namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer, yrke og stilling.
  • Den som skal veljast, må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vera personleg skikka til oppgåva.
  • Ein må vera over 21 år, og under 70 år ved starten av valperioden (altså 1. januar 2025). (Den øvre aldersgrensa gjeld ikkje skjønnsmedlemmer, men Gulating lagmannsrett og andre rettsinstansar har bedt om at aldersgrensa likevel blir brukt).
    For forliksrådet er nedre grense 25 år.
  • Ein kan ikkje vera frådømt røysteretten.
  • Ein kan ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling eller i konkurskarantene.
  • Ein må stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen.
  • Ein må vera statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i riket de tre siste åra før valdagen.
  • Kommunen pliktar å sjekka vandelen for dei som skal veljast, dette skjer ved innmelding av liste som politiet så går gjennom, i forkant av valet. For å vera godkjent med tanke på vandel er det ei eiga liste i domsstollova § 72, som seier noko om kva som skal til for at ein ikkje kan vera meddommar.
  • Krava til vandel gjeld heile perioden der ein er vald som meddommar, og kommunen skal sletta personar som ikkje fyller krava. Retten kan også på eige initiativ sletta medlemmer i utvala, eller be politiet om vandelsundersøkingar.

Særleg om forliksrådet:

  • Forliksrådet har tre medlemmer og tre varamedlemmer
  • Det er felles forliksråd for kommunane Austrheim og Fedje, der kommunane vel kvar sine representantar (Austrheim 4 og Fedje 2).
  • Kjønnsrepresentasjonen skal vera sikra.

Søknadsskjema til ulike verv:

(Det kan ta eit minutt før skjemaet opnar seg når du klikkar på lenkene under, så ikkje fortvil med ein gong).

Eg ønskjer å vera meddommar i jordskifteretten, tingretten eller lagmannsretten:

Eg ønskjer å vera med i forliksrådet for Austrheim og Fedje:

Eg ønskjer å vera skjønnsmedlem:

Ulike lenker:


Sist oppdatert: 21.03.2024
Publisert: 25.07.2023