Forureining

  • Forsøpling er å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall som er skjemmande eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet. 
  • Du har ikkje lov til å ha, gjere eller sette i verk noko som kan forureine.  
  • Dersom du skal gjere noko som kan forureine, må du søke om lov.

Akutt forureining - Meld ifrå til brannvesenet på 110

 

Klikk her for å lese Forureiningslova

Er du grunneigar

Er du kjent med at det er leigetakar eller andre som er ansvarleg for å ha plassert avfallet eller gjenstandane på din eigedom, må du få dei til å rydde opp.

Som grunneigar bør du tenke på kva tiltak som kan setjast i verk for å avgrense moglegheita for avfallsdumping. Døme på tiltak kan være skilting, sperring/vegbom, rydding av skog/kratt, beplanting, belysning med meir.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for oppfølging når det gjeld forsøpling og forureining på privat grunn. Når vi får melding om forsøpling/forureining, vil vi vurdere saka ut i frå dei innsendte opplysningane og alvorsgrad. Vi går på synfaring dersom vi finn det nødvendig.

Dersom vi finn den ansvarlege for forureininga/forsøplinga, vil vi sende eit brev om saka og informere deg om du har en sjølvstendig plikt til å ikkje forureine utan løyve (jf. §§ 7 og 11 i forureiningslova) og å hindre forsøpling (jf. § 28 i forureiningslova). Vidare betyr det at du har ei sjølvstendig plikt til å stanse, fjerne eller iverksette tiltak der forureining og eller forsøpling har skjedd. Der kommunen ikkje veit kven som er ansvarleg, er det grunneigar som må stå for oppryddinga.

Vidare oppfølging dersom tiltak ikkje blir sett i verk, er varsel og vedtak der vi pålegg deg opprydding eller andre tiltak for å hindre vidare forureining og tvangsmulkt.


Sist oppdatert: 14.03.2022
Publisert: 26.03.2019