Kontakt oss - ønske om møte/førehandskonferanse
Du når oss på telefon 56 16 20 00, ved frammøte på kommunehuset eller e-post: post@austrheim.kommune.no.
Postadresse: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Oppgje gards- og bruksnummer når du tek kontakt. Har du allereie ei sak har du fått eit arkivsaksnummer, som du kan nytte når du kontaktar oss.
Det kostar ikkje noko å ha eit møte i forkant av søknadsprosessen, det som er definert som førehandskonferanse.
Før du søkjer
Før du set i gong med eit tiltak på eigedomen din må du søkje kommunen om byggeløyve. Det er to ulike byggesaksprosessar alt etter kva tiltak du skal i gang med.
Direktoratet for byggkvalitet har samla ei rekke verktøy og vegvisarar som er nyttige dersom du skal i gang med eit byggeprosjekt. Her kan du mellom anna sjekke kva du kan bygge utan å søke, samt få ei rask innføring i dei ulike stega i ein byggesøknad. For ei komplett oversikt over dei ulike vegvisarane følg denne linken.
Søknad om løyve til tiltak utan krav til ansvarsrett
Når det ikkje er krav til ansvarsrett kan du sjølv søkje. Meir informasjon om kva du kan søkje om sjølv finn du i byggesaksforskrifta kapittel 3.
Søknad om løyve til tiltak med krav til ansvarsrett
Når det er krav til ansvarsrett treng du hjelp av eit føretak som er kvalifisert til å få lokal eller sentralgodkjenning for ansvarsrett. Direktorat for byggkvalitet har register over sentralgodkjente føretak.
Tiltak utan krav til søknad
For nokre mindre tiltak er det ikkje krav til søknad i det heile teke, under føresetnad av at tiltaket er i samsvar med arealplan for eigedomen din. Meir informasjon om kva som ikkje krev søknad finn du i byggesaksforskrifta kapittel 4.
Elektronisk innsending av søknad
Ansvarleg søkjarar kan sende inn søknad elektronisk. Digitale løysingar for byggesøknader finn du her:
Direktoratet for byggkvalitet
Skal du søkje som privatperson?
Privatpersonar kan sende inn nabovarsel og søknad om bruksendring av eit rom digitalt og digitale skjema finn du her:
Direktoratet for byggkvalitet
Om du skal planleggje, søkje og bygge sjølv må du vere merksam på:
Planstatus - dispensasjon - krav og ansvar
Arealplanar for Austrheim er styrande for kva du kan bygge på eigedomen din. Før du sender inn søknad om løyve til tiltak må du difor sjekke arealplanstatus for eigedomen din.
Dispensasjon
Om du ønskjer å søke om eit tiltak som ikkje er i samsvar med arealplan må du søkje om dispensasjon.
Krav og ansvar i byggjesak
Uansett om du søkjer og bygger sjølv eller nyttar ansvarlege føretak er du som tiltakshavar ansvarleg overfor kommunen for at tiltaket ditt er i samsvar med føresegner i lov, forskrift og arealplan.
Byggegrense mot veg
Om du må ha dispensasjon frå byggegrense langs veg, må du søkje om dette. Om dette ikkje er ein kommunal veg skal du søkje til Statens Vegvesen.
Info og søknadsskjema finn du i linken under
Gå til Statens vegvesen sitt søknadsskjema
Nabovarsling - Alle søknadspliktige tiltak skal nabovarslast før søknaden vert sendt til kommunen.
Nabovarsel er eit varsel overfor naboar og gjenbuarar (dei som grensar inntil tomta, dei som bur på motsett side av veg og eventuelt andre partar) om planlagte byggetiltak og liknande som skal skje på din eigedom. Føremålet er at naboar skal vere opplyste om dine byggeplanar og kunne ha høve til å komme med merknader.
Nabovarsel skal sendast uavhengig av om naboeigedomen er bygd eller ikkje. Dersom det er registrert to eigarar på ein eigedom, skal begge varslast.
Gjeld søknaden riving etter Pbl § 20-1 første ledd bokstav e, skal søkjar varsle dei som har pengeheftingar på eigedomen.
Hugs å krysse av i felt for dispensasjon der det vert søkt om dette.
Digitale skjema for nabovarsling
Skjema for nabovarsel
Kven skal eg varsle?
Om du er usikker om kven du skal varsle, ta kontakt med kommunen ved kartavdelinga for å få riktig og oppdatert naboliste for eigedomen din.
Det er to typar skjema som vert brukt i samband med nabovarsling:
- Nabovarsel er ei melding til nabo om at han er varsla og når han eventuelt må kome med merknad til tiltaket. Varselet skal sendast rekommandert i post eller leverast personleg til nabo.
- Gjenpart av nabovarsel er ei kvittering som viser kven som er varsla eller at samtykke er innhenta (personleg kvittering for mottatt varsel eller kvittering frå postkontoret at rekommandert varsel er sendt) i den aktuelle saka. Gjenparten skal leggjast ved søknaden inn til kommunen.
Kva skal nabovarselet innehalde?
Det er viktig at naboane får god informasjon om tiltaket. Nabovarselet skal derfor innehalde dei same opplysningane som søknaden til kommunen, det vil normalt seie situasjonsplan, teikningar av tiltaket i 1:100 og eventuelt dispensasjon. Det skal stå i nabovarselet at eventuelle merknader må vere komne til søkjar/kommunen innan 2 veker etter at varselet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg.
Merknad frå nabo
Eventuelle merknader frå naboane må vera komne til kommunen innan to veker etter at varselet er sendt. Merknaden vert handsama i samband med byggjesøknaden.
Avstandserklæring - nabosamtykke
Her finn du skjema for Avstandserklæring - nabosamtykke.
Heimel
Plan og bygningslova § 21-3
Kva skal søknaden innehalde?
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsskjema
- Gjenpart av nabovarsel
- Eventuelle nabomerknader med dine kommentarar
- Eventuelt søknad om dispensasjon
- Målsett situasjonsplan i målestokk 1:500 (1:1000 for store tiltak) som viser tiltaket
- Målsette teikningar av tiltaket; plan, snitt og fasadar i 1:100. Eksisterande og framtidige terrenglinjer skal påførast fasadeteikningane fram til nabogrensa
Saksbehandlingstid
Austrheim kommune behandlar byggesøknader innanfor tidsfristane i plan- og bygningslova.
Plan- og bygningsloven oppstiller ulike saksbehandingsfrister for ulike sakstypar. Fristane varierer frå tre veker for dei enklaste og mest opplagte sakstypene, til 12 veker for visse søknader med nabomerknader, til ingen tidsfrist for dispensasjonar. Tidsfristane forutset komplett søknad.
Klage
Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket. Dersom kommunen meiner at vedtaket ikkje skal endrast, går saka til Fylkesmannen i Hordaland for endelig avgjerd.
Mellombels bruksløyve og ferdigattest
For bygg og anlegg som er søknadspliktige etter Plan- og bygningslova § 20-1 skal det vera gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest før tiltaket vert teke i bruk.
Ved søknad om mellombels bruksløyve skal det vera utfylt kva som gjenstår av arbeid, og når dette blir ferdigstilt.
Søknadsskjema for mellombels bruksløyve (ekstern lenke)
Søknadsskjema for ferdigattest (ekstern lenke)
Søknad om ferdigattest eller mellombelsbruksløyve skal sendast Austrheim kommune.
Krav til dokumentasjon for tiltak med ansvarsrett
Ansvarleg søkjar i godkjent byggjesak skal levere inn:
- Søknadsskjema om ferdigattest eller mellombels bruksløyve
- Oppdatert gjennomføringsplan
- SOSI-fil for plassering i kart for tiltak med krav om dette
- Avfallsplan for tiltak med krav om dette
Heimel
Plan- og bygningslova § 21-10 (Pbl)
Byggesaksforskrift § 8-1 og 8-2 (SAK 10)
Lovar, reglar og rettleiing
Innsyn
Her kan du søkje etter saker i kommunen. Byggesakene ligg tilgjengeleg på nett 90 dagar etter at saka er avslutta.
Byggeskikk
Bygg og Bevar er eit program oppretta av Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Byggenæringens Landsforening. Dei skal bidra til at eldre bygningar blir brukte, forvalta, sette i stand og utvikla på ein god måte.
"Bygg og Bevar skal bidra til å redusere byggskader og til å unngå tap av kulturhistoriske verdier gjennom å hjelpe eiere av gamle bygg til å bli bedre bestillere."
Les meir på Bygg og Bevar sine heimesider.