Om plansystemet

Som kommune har vi ansvar for å sikre at alle planar:

  • følgjer plan- og bygningslova
  • bidrar til ei berekraftig samfunnsutvikling

Plansystemet er eit av dei viktigaste styringsverktøya vi har i ein kommune. Planane våre seier kva mål vi har og korleis vi skal nå måla, og gjeld både politikarar og tilsette i kommunen, samt deg som driv næring, eller er innbyggjar her. 

Korleis kan du påverke?

Planar seier kva samfunn vi vil ha no og i framtida. Sidan framtida til kommunen er framtida di, er det viktig for oss å høyre kva du meiner. Kvar gong vi jobbar med ein ny plan, inviterer vi deg derfor til å komme med innspel, og seie kva som er viktig for deg!

Trykk her for å få ei oversikt over kva planar som er på høyring no. 

Plansystemet vårt, ulike plantypar
  • Ein planstrategi
    Ein planstrategi seier kva planar vi må få på plass eller revidere for å oppnå ønska utvikling i kommunen dei neste fire åra.
  • Trykk her for å laste ned planstrategien for 2016-2020 (pdf). 
  • Ein kommuneplan
    Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen handlar om framtida til kommunen og skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Arealdelen er eit kart, som viser kor vi skal drive med kva i kommunen. Kor skal vi bu? Kor skal vi drive næring? Kvar skal vi ha urørt natur? Og så vidare. Gå til oversikt over gjeldande kommuneplan.
     
  • Kommunedelplanar
    Ein kommunedelplan er ein overordna plan for eit areal eller eit særskilt tema. Kommunedelplanane er juridisk bindande og kan berre bli utarbeidd av det offentlege. Gå til oversikt over gjeldande kommunedelplanar.
  • Reguleringsplanar
    Ein reguleringsplan er ein meir detaljert plan enn kommuneplan og kommunedelplan. Ein reguleringsplan er eit detaljert kart med reglar for bruk, vern og utforming av eit fysisk område. Det finst to typar reguleringsplanar, områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. Både private og offentlege aktørar kan utarbeide ein reguleringsplan, men alle reguleringsplanar må innom kommunestyret for endeleg godkjenning. Planane kan både gjelde for større og mindre område, og skal alltid følgje måla i dei overordna planane som gjeld for området – kommuneplanen, eller eventuelle kommunedelplanar eller områdeplanar. Les meir om gjeldande reguleringplanar her.
Slik jobbar vi fram nye planar

Vanlege hovudfasar:

  1. Førebuingar: Sjekke at planen er med i overordna planar.
  2. Planprogram: Lage ein plan for arbeidet med planen. Planprogrammet skal på høyring og innom politikarane for godkjenning.
  3. Planforslag: Utarbeide forslag med eventuell konsekvensutgreiing (KU).
  4. Høyring: Høyre kva innbyggjarar, næringsliv, offentlege styresmakter og andre interessentar meiner om forslaget.
  5. Ferdigstilling og vedtak: Justere forslag etter innspel. Endeleg politisk vedtak og kunngjering.

Sist oppdatert: 15.03.2022
Publisert: 19.11.2018