Kommuneplan

Kommuneplanens samfunnsdel og arealdel

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel, og dei to delane har ulike funksjonar:

Samfunnsdelen 

Er meir generell i formen, gjev uttrykk for visjonar og overordna mål for lokalsamfunnet, og peiker på oppgaver som bør prioriterast. Samfunnsdelen gjeld for 12 år.

Arealdelen 

Skal vise hovudtrekka i arealdisponeringa og leggje rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk. Den viser mellom anna kvar kommunen vil tillata bustadutbygging og næringsliv, landbruk, og kva naturområder som skal takast vare på for til dømes friluftsliv. Føresegnene til arealdelen viser kva reglar som gjeld dersom ein vil utvikla områder i planen. Arealdelen, plankartet og føresegene, er juridisk bindande.

Kvart fjerde år bør det gjennomførast ei rullering av kommuneplanen, det vil seie at kommunen vurderer planen og samtidig ser lenger fram i tid.


Kontakt


Lovar og relatert informasjon


Sist oppdatert: 07.12.2018
Publisert: 27.06.2018