Kunnskapsprøve i alkohollova

Målgruppe

Alle som vil verta godkjent som styrar eller som stadfortredar ved: 

  • butikk som har eller skal søkja om salsløyve
  • stader som har eller skal søkja om skjenkeløyve

må ha dokumenterte kunnskapar om formålet med alkohollova. Kunnskapskravet er oppfylt når ein har klart kunnskapsprøven. Ved søknad om nytt løyve må styrar og stadfortredar ha bestått prøven før løyve kan gjevast.

Kva er pensum?

Pensum for skjenkebevilling:

  • alkoholloven kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige reglar

Pensum for salsbevilling:

  • alkoholloven kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmelser

Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpa på www.vinn.no.

Alle lover og forskrifter finn du på www.lovdata.no.

Kva kostar det?

Prøven kostar 400 kroner.

Kvar tar du prøvane?

På kommunehuset.

Korleis går du fram for å ta prøvane?

Ta kontakt med Servicekontoret telefon 56 16 22 00 for å avtala tid.

Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Me godtar pass, førerkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.

Prøven er ein fleirvalsprøve på 60 minutt.

Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.

Spesielle behov

  • Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
  • Er du svaksynt, lam, har nedsett høyrsel eller andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Har du spesiellee behov, ta kontakt og gjer avtale med oss på førehand.

Kor mange gonger kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gang.

Prøvebevis

Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Kontakt 


Sist oppdatert: 31.08.2020
Publisert: 29.11.2018