Viltforvaltning

Sett hjort

Jegerar sine observasjonar er eit av dei viktigaste bidraga til overvaking og forvaltning av hjortevilt.

Innsamling og systematisering av jegerobservasjonar skjer på Hjorteviltregisteret.no eller på appen «Sett og skutt».

Viltpåkøyrsel

Dersom du er uheldig og køyrer på ein hjort eller anna vilt, er du pliktig å varsle.

Den enklaste måten er å ringje politiet på 02800, som varslar vidare til ettersøksmannskapet. Det er ikkje straffbart å køyra på vilt, det viktigaste er å varsle om ulykka.

Varsling er også viktig dersom det vert skader på bil. Forsikringsselskapa kan krevje stadfesting på at politiet eller kommunen er varsla om ulykka. Stadfesting får ein hjå kommunen.

Dette må du gjere ved viltpåkøyrsel:

  • Sikre ulykkesstaden med varseltrekant og naudblink.
  • Ring 02800 for å varsle politiet med ein gong, slik at ettersøket kan starte så tidleg som mogleg og viltet unngår unødig plage.
  • Få oversyn over eventuelt skadde personar og ring 113 dersom dei treng hjelp.
  • Merk påkøyrselsstaden med eit viltband eller anna (tau, pose eller liknande).
  • Oppsøk lege viss du har smerter i nakke eller hovud etter påkøyrsel.

Ikkje gjer dette:

  • Ikkje følg etter det skada dyret sjølv. Det gjer arbeidet til ettersøkshunden vanskelegare.
  • Ikkje prøv å avlive viltet sjølv. Dette skal gjerast av kommunen.
  • Ikkje ta med deg eit påkøyrd og dødt vilt utan løyve.

Sjukt eller skadd vilt:

  • Ring kommunen på 56162000 dersom du kjem over sjukt- eller skadd vilt i nærområdet eller på tur.
  • Kommunen vil raskt avgjere om viltet må avlivast, slik at ein unngår at viltet lid unødig eller gjer skade på folk eller eigedom.
  • Dersom du ikkje får tak i kommunen, ring politiet på telefon 02800
 Kommunen sine oppgåver i viltforvaltinga
  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapporter
  • Registrering og analyse av sett hjort-skjema
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar for hjort
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond
  • Kommunen tildeler fellingskvoter for hjort til valda og valdleiar er kommunen sin kontaktperson. Har du spørsmål om kvote og fellingsløyve er det valdleiar for det aktuelle valdet du må kontakte.
Lovverk
  • Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr. Kommunen er ein av fleire forvaltarar etter viltlova og gir også råd og rettleiing i saker om viltforvaltning.
  • Alt vilt er freda, dersom ikkje anna er bestemt i lov eller vedtak med heimel i lov. Miljødirektoratet fastsett jakttidene for dei jaktbare artane, men kommunen kan endre desse for enkelte artar.

  • Lenker til lovdata.no med forskrifter:
  • Forskrift om forvaltning av hjortevilt
  • Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst

 


Sist oppdatert: 10.03.2022
Publisert: 10.03.2022