HeimNæring og landbrukEtablerarhjelp

Etablerarhjelp

Region Nordhordland

Region Nordhordland har ei rekkje tilbod for etablerarar. Gjennom regionrådet kan du melde deg på ulike kurs, delta på temasamlingar eller møte andre gründerar. 

Industriutvikling Vest

Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søkje om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.

Nordhordland Næringslag

Nordhordland Næringslag (NONL) er ein interesseorganisasjon for bedrifter som driv med handverk, industri og tenesteyting i Nordhordland og Gulen. Industrilaget har 250 medlemsbedrifter.

Nordhordland Næringshage

Nordhordland Næringshage er eit utviklingsmiljø for næringar som driv med reiseliv, kultur og opplevingar. Treng du kontorplass og ønskjer å vere del av eit større kompetansemiljø, kan dette vere staden for deg. Her finst i tillegg prosjektmidlar til bedrifter i etableringsfasen. 

Etablerersenteret

Etablerersenteret held etablerarkurs og tilbyr rådgjeving til etablerarar, gründerar, oppstartsverksemder og entreprenørar. Treng du hjelp til å kome i gang med din forretningsidé eller til å vidareutvikle ei etablert bedrift? Etablerersenteret har brei erfaring innan forretningsplanlegging.

Etablerersenteret er finansiert gjennom eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og 22 kommunar i Vestland. 

Sjå kursoversikt

Altinn – starte og drive bedrift

Altinn har ei god nettside med alle typar informasjon du treng for å etablere di eige bedrift.

Driftig.no - nyskapar eller entreprenør i Vestland

nettsida driftig.no kan du finna nyttig informasjon om du ønskjer å starta eller vidareutvikla verksemd i Vestland, og komma i kontakt med dei rette personane som kan hjelpa til på vegen. Vestland fylkeskommune har ansvar for driftig.no, som erstattar mellom anna Hordaland fylkeskommune sin gamle portal Kom-an.no.

Kontakt for meir informasjon:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Tlf. 56162200

E-post. post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 10.02.2020
Publisert: 27.06.2018