HjemKulturTilskotsordningar

Tilskotsordningar

Kommunale tilskotsordningar

Austrheim kommune - Kulturmidlar 2024

For 2024 er det sett av ein pott til kulturmidlar som lag og organisasjonar kan søkja på. Søknadsfristen er 21. mai, og utbetalinga blir gjort i løpet av juni 2024. 

Skjema for søknad om kulturmidlar 2024.

Det er dessverre ikkje høve til å søkja om tilskot til tiltak for barn og ungdom.

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar i Austrheim

I følgje delegasjonsreglement § 3-24 har kommunedirektøren mynde til å tildela kulturmidlar etter fastsette retningsliner for slik tildeling.

Komité for tildeling av kulturmidlar: Trine Merete Jansen, Rigmor Ludvigsen, Kari Torkildsen Utkilen

  1. Kulturmidlar kan delast ut til frivillige lag og organisasjonar som har sitt virke i Austrheim kommune, og som driv ein jamn og fast aktivitet.
    Kulturmidlane skal ikkje gå til einskildpersonar.
    Det kan delast ut midlar til regionale organisasjonar, foreiningar og lag, med medlemmar i Austrheim.
    Det er då eit krav at organisasjonen/laget/foreininga oppgjer kor mange medlemmar som bur i Austrheim.

  2. Kulturmidlar vert delt ut ein gong i året, i juni månad.

  3. Tildeling av midlar skjer etter elektronisk søknad ev. skriftleg søknad. Søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside.
    Søknadsfrist vert lyst ut på heimesida og Facebooksida til kommunen, og i fellesannonse i avisa.

  4. Søknaden skal innehalde følgjande:
    - namn på søkjar
    - medlemstal
    - årsmelding
    - planar for drifta inneverande år
    - budsjett for inneverande år
    - rekneskap

  5. Kulturmidlar skal ikkje gå til lag og organisasjonar som berre driv og/eller leiger ut bygg.

  6. Fordeling av kulturmidlar vert primært fordelt etter følgjande nøkkeltal:
    - Idrett og friluftsliv 35 %
    - Song og musikk 30 %
    - Andre 35 %

  7. Austrheim kommune ønskjer at alle lag og organisasjonar tek i bruk aktivitetskalenderen på heimesida. Vi vil også oppfordre til samarbeid mellom lag og organisasjonar, og til å godta følgjekort.

  8. Oversikt over tildeling av kulturmidlar vert sendt som melding til kommunestyret.
Austrheim kommune - tilskot til forsamlingshus 

I 2023 vart det innført ny ordning med at frivillige lag og organisasjonar i Austrheim, som er eigar av eit forsamlingshus, kan søkje om tilskot til vedlikehald og upårekna utgifter. Søknadsfristen er 21. mai, og utbetalinga blir gjort i løpet av juni 2024.

Skjema for søknad om tilskot til forsamlingshus

 

Søknaden mellom anna innehalde: 

  • Namn på søkar (lag/organisasjon)
  • Adresse
  • Organisasjonsnummer
  • Bankkonto
  • Leiar og kasserar
  • Mobilnummer og e-post-adresse
  • Tal medlemmer
  • Leigeinntekt, dersom utleige av forsamlingshuset

Vedlegg til søknaden:

  • Rekneskap
  • Budsjett/aktivitetsplan

Søknad:

  • Beskriv kva tilskotet skal brukast til
  • Oversikt over kostnadar og finansiering
  • Plan på gjennomføring av tiltaket

Rapport:

  • Det er krav om at det vert levert rapport etter at tiltaket er ferdig.
  • Send ein kort rapport til post@austrheim.kommune.no merk: Rapport tilskot til forsamlingshus
  • Rapporten må innehalde beskriving av kva tilskotet er brukt til, gjerne med bilete
  • Dersom tilskotet ikkje er brukt i tilskotsåret, må det sendast inn statusrapport
Retningslinjer for tildeling av tilskot til forsamlingshus

Ifølgje delegasjonsreglement § 3-24 har kommunedirektøren mynde til å fordela / tildela stønad til kultur-/forsamlingshus i samsvar med til ei kvar tid fastsette retningsliner for slik tildeling.

Frivillige lag og organisasjonar i kommunen som er eigar av eit forsamlingshus kan søkje om tilskot til vedlikehald og upårekna utgifter.

Enkeltpersonar kan ikkje søkje om tilskot til forsamlingshus. Lag og organisasjonar som har fast avtale om driftstilskot kan søkje, men vert ikkje prioritert om det er andre søkjarar utan avtale om driftstilskot.

• Det er digitalt søknadsskjema på www.austrheim.kommune.no - Kulturtilskot - Tilskot til forsamlingshus.

• Søknadsfrist vert annonsert på heimesida og på Facebooksida til kommunen, samt i Austrheim kommune si fellesannonse i avisa Strilen.

• Den årlege tildelinga skjer i juni.

• Dersom det er midlar igjen på budsjettet, kan kommunen dele ut tilskot til upårekna utgifta etter at søknadsfristen er gått ut.

• Komité for tildeling av tilskot til forsamlingshus: Trine Merete Jansen, Rigmor Ludvigsen og Kari Torkildsen Utkilen.

Søknaden skal innehalde:

  • Namn på søkar (lag/organisasjon)
  • Adresse
  • Organisasjonsnummer
  • Bankkonto
  • Leiar og kasserar
  • Mobilnummer og e-post-adresse
  • Tal medlemmer
  • Leigeinntekt, dersom utleige av forsamlingshuset

Vedlegg til søknaden

  • Rekneskap
  • Budsjett/aktivitetsplan

Søknad:

  • Beskriv kva tilskotet skal brukast til
  • Oversikt over kostnadar og finansiering
  • Plan på gjennomføring av tiltaket

Rapport:

  • Det er krav om at det vert levert rapport etter at tiltaket er ferdig.
  • Send ein kort rapport til post@austrheim.kommune.no merk: Rapport tilskot til forsamlingshus
  • Rapporten må innehalde beskriving av kva tilskotet er brukt til, gjerne med bilete
  • Dersom tilskotet ikkje er brukt i tilskotsåret, må det sendast inn statusrapport

Eksterne tilskotsordningar

Frifond - støtte til barn og unge

Frifond gir penger til musikkvideo til bandet, skaterampe, cosplay-treff, med meir. Søk her, (ekstern lenke).

Gjensidigestiftelsen

Gåveverksemda til Gjensidigestiftelsen spenner vidt, frå lokale dugnadsprosjekt til større landsomfattande prosjekt som går over fleire år. Stiftinga gjev støtte til mange prosjekt, og kan vera ein aktuell plass å søka om midlar.

Les meir, og søk om støtte, på nettsida til Gjensidigestiftelsen (ekstern lenke).

Vestland Fylkeskommune

Vestland Fylkeskommune, tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for born og unge (ekstern lenke).

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Målet med tilskotsordninga er å motverka og/eller dempa konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betra moglegheitene  for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnader.

Info frå Barne- og familiedirektoratet (Bufdir) sine sider: 

Ein kan søka om støtte til tiltak som:

  • bidrar til at barn og unge berørt av fattigdomsproblem, og deira familiar, kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar.
  • bidrar til at barn og unge berørt av fattigdomsproblem, og deira familiar, kan delta i ferieaktivitetar.
  • bidrar til at barn og unge berørt av fattigdomsproblem kan delta på alternative mestringsarenaer.

Søknadsportal (ekstern lenke) 

Bufdir sine sider om tilskot (ekstern lenke). 

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest si side om samfunnsansvar (ekstern lenke).

Spelemidlar

Lag og organisasjonar i Austrheim kan søkja om spelemidlar. Dette gjeld idrettslag så vel som velforeiningar. På kommunehuset kan vi rettleia deg i korleis du skal søkja. Ta kontakt med servicekontoret på tlf: 56 16 20 00 og få meir informasjon.

Det er fylkeskommunen som er tildelt mynde frå Kulturdepartementet til å fordela dei spelemidlane som kvart år vert stilt til disposisjon for byggjing av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Spelemidlane er eit resultat av overskotet frå Norsk Tipping.

www.anleggsregisteret.no (ekstern lenke)

Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (ekstern lenke).

Eviny (tidlegare BKK) sine støtteordningar

Sist oppdatert: 22.04.2024
Publisert: 20.11.2018