HeimKulturKulturskulen

Kulturskulen

Søknad om elevplass i kulturskulen 2022 - 2023

Tilbodet for komande skuleår:

  • Piano
  • Song
  • Gitar
  • Bass
  • Trommer
  • Band
  • Babysong
  • Tiriltunge Barnekor – i samarbeid med Austrheim Frivilligsentral
  • Visuelle kunstfag, 3-7. klasse og 8. klasse -

Elevavgift instrumentalundervisning og visuelle kunstfag: kr 1.530.- pr. semester (25 % søskenmoderasjon)

Elevavgift babysang: kr 1.020.- pr. semester. Sluttar permisjonstida di midt i semesteret, reduserer skulen avgifta.

Elevavgift Tiriltunge barnekor: kr 430.- pr. semester.

For påmelding i kulturskulen, klikk på linken under:

Påmelding - Austrheim kulturskule (speedadmin.dk)


Oppseiing av plass i kulturskulen skjer via speedadmin.

Kulturskuleleiar: Elisabeth Jensen Risnes
E-post: elisabeth.jensen.risnes@austrheim.kommune.no
Telefon: 988 22 075

Kulturskulen sin logo

Retningsliner for elevar i kulturskulen

Instrumentalundervisning
Vil du læra å spela eit instrument? Kulturskulen tilbyr undervisning for nybyrjarar og vidarekomne. Tilboda våre finn du i lenkane under her.  Alle kan søkja opptak i kulturskulen. Vaksne (over 20 år ) får plass når skulen har ressursar til det.

Opptak og utmelding

Alle kan søkja opptak i kulturskulen. Vaksne får plass når skulen har ressursar til det. Påmelding skal vera skriftleg og er bindande når ein har teke imot tildelt plass.
Utmelding skal vera skriftleg og må vera skulen ihende innan 1. april. Ein kan søkja fritak etter endt haustsemester. Søknad må vera skulen ihende innan 1. november.

Undervisninga

Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen. Dei vanlege undervisningsformene er gruppeundervisning eller einetimar.

Instrument / læremidlar

Eleven skal sjølv halda instrument. Instrumentalelevar skal og kjøpa naudsynte læremidlar / notar.

Elevavgifta for intrumentalundervisning og visuelle kunstfag er kr 1.530.- pr. semester.
For vaksne er elevavgifta kr 2.400.- pr. semester.
Elevavgifta i barnekoret er kr 430.- pr semester.
Det vert gjeve 25% syskenmoderasjon.

Teikne- og maletilbodet kostar kr 950.- pr. semester pluss materialkostnader på kr 400.-.

Piano/keyboard
Gitar
Band (bass, gitar, trommer og vokal)
”Musikk fra livets begynnelse”

Babysang

Torsdagar kl. 11.00 - 12.15 på kulturskulen

Oppstart haust 2021

Kontakt: Elisabeth Jensen Risnes t. 98822075

Kr 1020,- pr. semester (dersom barselpermisjonen din vert avslutta midt i semesteret, vi avgifta verta redusert)

Påmelding til Elisabeth.Jensen.Risnes@austrheim.kommune.no

Les meir om tilbodet her: Musikk fra livets begynnelse

Tilrettelagt musikkundervisning for elevar med særskilde behov
Tiriltunge barnekor

Kortilbod for aldersgruppa 3. – 9. klasse. Koret øver på Seniorsenteret ( same bygg som kulturskulen ) kvar tysdag kl. 14.30 – 15.45. Kormedlemmane kjem rett frå skulen og før øvinga byrjar får borna servert mat. Tiriltunge opptrer årleg på fleire tilstellingar i Austrheim. Barnekoret er eit samarbeid mellom frivilligsentralen og kulturskulen. Leiarar av koret er Rigmor Ludvigsen (tlf 45635324) og Elisabeth Jensen Risnes (tlf. 98822075).

Korpsinstrument

Denne undervisninga er underlagt skulekorpsa på Austrheim og Kaland.

Visuelle Kunstfag

Visuelle kunstfag i kulturskulen er eit tilbod til born frå 4. klasse og oppover. Vi har for tida to grupper, ei for 4-7. klasse og ei for 8. klasse og oppover. Elevane får arbeide med å skape sjølvstendige uttrykk innanfor bilete, form og farge.

I Austrheim kulturskule skal vi blant anna arbeide med kunsthistorie, akrylmaling, akvarell, foto, å lage skulpturar og animasjonsfilm.

Vi lagar utstillingar der alle elevane er representerte. Undervisninga føregår i kulturskulen sine lokale, Austrheimsvegen 1009.

Visuelle kunstfag kostar kr. 1530,- per semester.

For informasjon om påmelding sjå link, klikk her:

Kontaktinfo

Kulturskulen held til i lokale hjå Kaland skule.

Adressa er: Vardevegen 51 - 5953 Fonnes

Kontakt oss:

Kulturskuleleiar: Elisabeth Jensen Risnes

E-post: elisabeth.jensen.risnes@austrheim.kommune.no

Telefon: 988 22 075

UKM - Ung kultur møtes

Nokre deltar på UKM for å visa fram noko dei brenn for, nokre prøver noko heilt nytt, og andre igjen er med slik at alle får vist si beste side.

Saman skapar vi noko heilt nytt, inspirerer og lærer av kvarandre, og har det gøy.

Musikal, slampoesi, lysteknikk, foto, hiphop, eller kanskje noko anna? 

Du bestemmer, meld deg på her: 

Les meir om UKM på denne lenka:

Teaterverkstad hausten 2022

Austrheim kulturskule har fått midlar frå Norsk Kulturskoleråd avd. Vestland, og inviterer no til teaterverkstad hausten 2022. Det er oppstart 30. august, og deretter er det teaterverkstad på Seniorsenteret kvar tysdag frå klokka 16.00 til 17.30.

Tor Halvor Halvorsen skal vera instruktør, og våren 2023 skal Teaterverkstaden/Tiriltunge Barnekor/Frivilligsentralen setja opp «Dyrene i Hakkebakkeskogen» på Austrheim samfunnshus. 

Tilbodet kostar kr. 500,- per semester. Det er 20 elevplassar.

Les meir på denne pdf-fila: Teaterverkstad hausten 2022 - Austrheim kulturskule


Sist oppdatert: 24.05.2022
Publisert: 27.06.2018