HeimKulturFrivilligsentralenAustrheim Seniorsenter

Austrheim Seniorsenter

Austrheim Seniorsenter er ein flott og mykje brukt møteplass for godt vaksne.

Aktivitetar:

Frivilligsentralen har aktivitetar på dagtid 4 dagar i veka. Sjå kalenderen på framsida, www.austrheim.kommune.no

Ulike faste aktivitetar også på kveldstid:

  • Tango for to – første onsdag kvar månad kl. 18.00 
  • Strikkekafé – annakvar tysdag kl. 18.00

Neptun Seniorklubb og  Austrheim Pensjonistlag har sine faste møte på Seniorsenteret.

Austrheim seniordans har sine aktivitetar kvar torsdag.

Lag og organisasjonar, politiske part og kommunen brukar senteret til ulike møter og arrangement.

På senteret er det møterom, kjøkken, kontor og ein sal med plass til 90 menneske.

Utleigeprisar:

For private kr 2000,-
For organisasjonar kr 1500,-

Me ønskjer at Seniorsenteret skal vere ein møteplass der ein kan finne glede og utfordringar gjennom aktivitetar og samhald med andre menneske.

Fattig var du om aldri
i livet du kjenne fekk
at mellom deg og dei andre
levande straumar gjekk
av tillit og varme som styrkte
kvart band som til livet deg batt,
og lar deg få kjenne, når alt blir gjort opp,
at meir enn du gav fekk du att!

- Halldis Moren Vesaas - 

Kontakt:

Rigmor Ludvigsen tlf. 56 16 21 34, mobil 456 35 324

E-post: rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 22.02.2022
Publisert: 01.12.2018