Bibliotek
Hovudbiblioteket - Austrheim kommunehus - 2. etg
Opningstider:
Tysdag og fredag |
kl. 10.00 - 15.00 |
Onsdag |
kl. 14.00 - 19.00 |
Det er sommarbibliotek i Årvika friluftsområde og Øksnes friluftsområde, frå jonsok til byrjinga av september.
Tlf.nr. 56 16 20 07
E-post: bibliotek@austrheim.kommune.no
DU FINN OSS I 2. ETG PÅ KOMMUNEHUSET
Fonnes filial
Fonnes filial finn du no i nytt fint lokale på Kaland skule. Inngang på nedsida av skulen. Dei fleste bøkene våre er barne- og ungdomsbøker, men dersom du vil låna noko anna, gi oss ein lyd, så kan me ta med frå hovudbiblioteket, eller henta inn frå andre bibliotek.
Opningstida for filialen følgjer skuleruta.
Torsdag i oddetalsveker | 10-16.00 |
Tlf.nr. 56 16 20 07
E-post: bibliotek@austrheim.kommune.no
Nordhordlandsbiblioteka - nettside Austrheim bibliotek
Nordhordlandsbiblioteka er felles tjeneste for alle i Nordhordland. På nettsida kan du tinge bøker, sjå opningstider og kva som skjer på dei ulike biblioteka.
Lånetid Austrheim folkebibliotek
Bøker 4 veker
Lydbøker 4 veker
Musikk 4 veker
Tidsskrift 4 veker
DVD 1 veke
CD-ROM 1 veke
Språkkurs 8 veker
Reservering
Vi kan skrive deg opp på venteliste på bøker du vil låne, og sender deg melding når vi har motteke bøkene. Du kan reservere på nettet sjølv når du er logga på di eiga side, men er det bøker/dokument frå andre kommunar må du kontakte oss for fjernlån.
Fjernlån
Vi samarbeider med andre bibliotek og vil, så langt råd er, låne inn dei bøkene vi ikkje har sjølve.
Biblioteket sender ut purring på for seint innleverte bøker/ filmar og anna.